Hopp til innhold
X
Innhald

Bernhard Getz

Bernhard Getz, 1850–1901, var jurist. Han verka som professor i strafferett og prosess ved Universitetet i Kristiania frå 1876. Getz vart den første riksadvokaten i Noreg i 1889, og i 1891–92 var han ordførar i Oslo for Høgre. I samtida var han ein av dei leiande kriminalistane, og han gav ut ei rekkje arbeid, særleg på det strafferettslege området. Getz var medlem av den komiteen som i 1885 fekk i oppdrag å redigere Jurykommisjonen sitt forslag til straffeprosesslov, og formann for Straffelovskommisjonen av same år.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.08.2012
Sist oppdatert: 05.08.2012