Hopp til innhold
X
Innhald

Birgit Gjernes

Birgit Gjernes, radio- og TV-journalist. Ho var den første hallodama som nytta nynorsk i NRK, arbeidde nesten 40 år i kringkastinga og laga kulturprogram som nådde langt ut.

Birgit Gjernes er fødd 18. mai 1922 i Nesherad, no Sauherad, i Telemark. Ho tok examen artium som privatist på engelsklina ved Grimeland skole i Oslo i 1922, studerte så song og stemmebruk ved Musikkonservatoriet i Oslo i fire semester før ho byrja på filologi ved Universitetet i Oslo. Ho vart cand.philol. i 1950 med tysk hovudfag og engelsk og norsk sidefag.
I 1951 vart ho tilsett i NRK som programsekretær og arbeidde først i kortbølgjesendingane i Utanlandssendinga, deretter eitt år som hallodame (programvert) før ho gjekk tilbake til Utanlandssendinga. Ho var den første hallodama som nytta nynorsk og fekk mykje kritikk for målforma. I 1959 byrja ho i Opplysningavdelinga i radioen og arbeidde seinare med kulturstoff, særleg litteratur og teater. Ho hadde også ansvaret for ei rad TV-program. Frå 1978 til 1990 var ho redaksjonssjef i kulturavdelinga i P1. I NRK nytta ho både nynorsk og bokmål.
Den første større radioproduksjonen hennar var Knut Hamsuns «Sult» (saman med Olafr Havrevold). Seinare laga ho program med Marie Hamsun, som ho òg skreiv ei bok om, og om Sigrid Undset. Særleg merksemd fekk intervju med Hitlers rustingsminister Albert Speer, som ho laga saman med pater Hallvard Rieber-Mohn hausten 1970.
Ho var knytt til mange programseriar i NRK, mellom anna Ønskediktet, Ord i dag, Møte med menneske, Bokkvelden, Teatermagasinet, I rampelyset og Ekko.
Birgit Gjernes har gitt ut Marie Hamsun – et tidsbilde (1994) og har redigert Svara meg mi harpe – Aslaug Vaa (1977), Torolf Elster – portrett av et mangesidig menneske (1981, saman med Reidar Hirsti og Jahn Otto Johansen), Norsk lyrikk fra 70-åra (1982) og Ord om forelskelse (1994, saman med Nils Heyerdahl). Ho har omsett ei rad bøker og teaterstykke frå tysk, engelsk og svensk. Som pensjonist har ho halde mange foredrag i ulike fora.
Kjelder
Thorleif Andreassen: «Hun har intervjuet dem alle». Aftenposten 18.5.1992
Hans Fredrik Dahl og Henrik G. Bastiansen: Over til Oslo. NRK som monopol 1945–1981. Oslo 1999
Ottar Fyllingsnes: «Albert Speers norske fjelltur». Dag og Tid 13.3.2004
Stein Halvorsen: «Den gylne stemmen fra NRK». Budstikka 15.5.2012
Tryggve Juul Møller (red.): Studentene fra 1922. Oslo 1967
NTBtekst: «Birgit Gjernes 80 år 18. mai», 26.4.2002
NRK, Stemmer fra NRK: Gjernes, Birgit:
[Lesedato 5.8.2012]
Norsk Oversetterforening: Birgit Gjernes – produksjon:
[Lesedato 5.8.2012]
Peikarar

Først publisert: 07.09.2012
Sist oppdatert: 18.03.2013