Hopp til innhold
X
Innhald

Bob Geldof

Bob Geldof (eigentleg Robert Frederick Xenon), f. 1951, er irsk rockartist. Etter 1980 har han også vore skodespelar, og han er kjend for hovudrolla i Pink Floyd-filmen The Wall.
 
Geldof stod sommaren 1985 bak Live Aid-konsertane i London og Philadelphia til inntekt for tørkeramma i Afrika. For denne innsatsen fekk han seinare tittelen Honorary Knight Commander.
 
Foto: Dena FlowsFlickr.com CC BY-NC-ND
Foto: Dena FlowsFlickr.com CC BY-NC-ND

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 29.04.2014