Innhald
Carl Friedrich Gauss
Carl Friedrich Gauss, 1777–1855, tysk matematikar, direktør for observatoriet i Göttingen i 1807.
Han vert rekna for å vere ein av dei største matematikarane gjennom tidene, og utførte grunnleggjande arbeid i talteori, differensialrekning, kalkulering av rørslene til himmellekamar, flateteori, algebra, jordmagnetisme og geodesi. Han kjende til dei elliptiske funksjonane før Abel, men offentleggjorde dei ikkje. Abel vert difor rekna som grunnleggjaren av teorien om desse funksjonane. Gauss konstruerte òg nye instrument som gjorde det råd å måle jordmagnetismen.
Hovudverket hans er Disquisitiones aritmeticae (1801).
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012