Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Heinrich Grosch

Christian Heinrich Grosch, 1801–65, var norsk arkitekt.

Han verka som stadskonduktør i Christiania i 1828–65 og bygde mange private og offentlege bygningar i nyklassisistisk stil i Christiania. Grosch står bak bygningar som Oslo Børs (1826–28) og Noregs Bank (1826–30), begge i empire. Hovudverket, som han teikna saman med Karl Friedrich Schinkel, er universitetsbygningane ved Karl Johans gate (1840–53). Basarhallane og brannvakta i upussa, raud tegl vart reiste i nyromansk stil (1840–59).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 05.10.2016