Hopp til innhold
X
Innhald

Christoph Willibald Gluck

Christoph Willibald Gluck, 1714–87, var tysk komponist. Gluck reformerte operaen ved å fjerne all overbrodering frå den italienske operaen som rådde i samtida hans, slik at ord og musikk blir sidestilt i den dramatiske handlinga.
 
Døme på operaer av Gluck er Orfeus og Euridike, Alceste, Ifigénie i Aulis og Ifigénie på Tauris. Han skreiv også balletten Don Juan.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.05.2014