Hopp til innhold
X
Innhald

Dennis Gabor

Dennis Gabor, 1900–79, var ungarsk-britisk fysikar. Han blei kjend for sine arbeid i optikk, elektronoptikk og kommunikasjonsteori. Gabor var med på å utvikle elektronmikroskopet og fjernsynet.
 
Han fekk nobelprisen i fysikk i 1971 for oppfinninga av holografien.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 01.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011