Hopp til innhold
X
Innhald

Domenico Ghirlandaio

Domenico Ghirlandaio (eigentleg Domenico di Tommaso-Bigordi), 1449–94, var italiensk målar. 

Ghirlandaio verka i Firenze og er kjend for utsøkte og detaljrike skildringar der religiøse motiv og portrett av samtidsfigurar er blanda. Dessutan står han bak kjende freskeutsmykkingar i kyrkjene Santa Maria Novella og Santa Trinità.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2017
Sist oppdatert: 21.08.2019