Hopp til innhold
X
Innhald

Edvard Grieg

Edvard (Hagerup) Grieg, 1843–1907, var komponist.

Grieg var fødd i Bergen og døydde også der.  I 1858 til 1862 studerte han i Leipzig, etter oppmoding frå Ole Bull. Han utdanna seg til pianist og dirigent.
(Artikkelen held fram under biletet)

Edvard Grieg rundt 1900. Kjelde: digitaltmuseum.no CC BY 3 0
I København lærte han Gade og Nordraak å kjenne. Frå 1866 budde han i Oslo, og i 1867 gifta han seg med søskenbarnet Nina Hagerup (1845–1935), som var songarinne.
Frå 1874 hadde Grieg komponistgasje, og frå 1877 budde han tidvis i Lofthus i Hardanger. I 1885 flytta han til Troldhaugen ved Bergen. Blant dei viktigaste verka til Grieg er Sigurd Jorsalfar (1872), Peer Gynt-musikken, Suite I og II (1876–91), Våren (1880–81), A-moll-konserten (1868), Fra Holbergs tid (1884) og Strykekvartett (1877–78).
 
Grieg skreiv også tre fiolinsonatar og songar til tekst av H.C. Andersen (To brune øyne, Jeg elsker deg), Bjørnson (Landkjenning, Foran Sydens Kloster), Ibsen (Margretes vuggesang), Vinje (Ved Rundarne, Gamle mor), Garborg (Haugtussa), Ballade for klaver og lyriske stykke for klaver.
 
Høyr Solveigs sang med sopran Marita Solberg:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2013
Sist oppdatert: 28.10.2014