Hopp til innhold
Foto: Statsministerens kontor
Foto: Statsministerens kontor
X
Innhald

Einar Gerhardsen

Einar Gerhardsen, politikar. Noregs statsminister i 17 år og regjeringssjef i landets lengste og sterkaste vekstperiode.

Einar Gerhardsen vart fødd i Asker 10.mai 1897, og døydde 19.september 1987.
Kven er Einar Gerhardsen? Det spørsmålet var det mange nordmenn som stilte då det i juni 1945 vart klart at nettopp han skulle skipe den første etterkrigsregjeringa. På det tidspunktet var Einar Gerhardsen kjend i arbeidarrørsla, særleg i Oslo, men ikkje kjent i det breie lag av folket. Heller ikkje blant politikarar frå andre parti var han kjent. C.J. Hambro til dømes, rekna Gerhardsen for å vere ein politisk grønskolling.
Tradisjonen her i landet hadde alltid vore at statsministeren vart henta blant dei fremste i Stortinget, og Gerhardsen var ikkje ein gong stortingsrepresentant. Ikkje hadde han vore statsråd.
I 1945 vart ikkje det argumentet tillagt stor vekt. Hadde han til dømes følgt regjeringa over til London i 1940, slik han hadde tilbod om, ville han knapt kunne ha blitt statsminister i 1945. Han kunne ha fått problem også om han hadde vore stortingsrepresentant. Stortinget frå 1936 hadde inga høg stjerne. Hadde han følgt Tranmæl til Sverige, ville han neppe heller ha blitt statsminister.
I staden vart Gerhardsen verande i Noreg, han var sentral i motstandskampen den første tida, vart arrestert og sendt til den tyske fangeleiren Sachsenhausen. Derifrå vart han m.a. etter press frå finske sosialdemokratar sendt attende til Noreg og Grini. Der vart han kjend med mange av dei som skulle bli samfunnstoppar etter krigen, og han hadde vore med på drøftingane i fangeleiren om etterkrigs-Noreg.
I sum utgjorde dette ein uslåeleg kombinasjon for ein statsminister i juni 1945.
Taktisk for Arbeidarpartiet var også Gerhardsen midt i blinken. Hadde Nygaardsvold halde fram som statsminister til stortingsvalet hausten 1945, ville valkampen ha kome til å handle om kven som hadde skulda for 9. april. Med Gerhardsen kunne ein i staden fokusere på etterkrigstida. Sett frå nasjonen representerte han ei ny tid, eit brot med det gamle, men i realiteten var han ein garva politikar og organisasjonsmann. Han hadde vore i sentrale verv i partiet heilt sidan han kom med i sentralstyret i 1921. Han hadde vore partisekretær frå 1923 til 1926 og frå 1939 hadde han vore nestformann i partiet. Han hadde hatt politikk som hovudyrke i snart ein mannsalder, både i landspartiet og i Oslo-partiet.
I Arbeidarpartiet hadde han i 1945 ingen utfordrar. Partiformannen, Oscar Torp, hadde vore medlem av Nygaardsvold-regjeringa og skulle granskast. Gjennom nestleiarvervet var Einar Gerhardsen alt før krigen sett på som arvtakar. I desse travle fredsdagane var han over alt, som Thomas Christian Wyller skriv i boka si «Frigjøringspolitikk»: «Hvor to eller tre var samlet i de hektiske dager i mai og juni 1945, var Gerhardsen blant dem». Etter at Paal Berg hadde mislykkast i å skipe samlingsregjering, vart difor Gerhardsen den naturlege leiaren for ei slik. Han var rett mann på rett stad og til rett tid.
Sjå video frå NRK Skole: "Gerhardsens regjering i 1945", sendt 27.12.1985
 
Eit politisk menneske
Einar Gerhardsen vart fødd på Nesbru i Asker, men like etterpå flytta familien flytta til Kristiania. Der voks Einar Gerhardsen opp. Faren arbeidde som formann i Vegvesenet, og hadde ei trygg inntekt, men det var så visst inga overflod. Einar Gerhardsen sjølv har fortalt korleis han sparte litt av dagens brødrasjon og gøymde til bruk mot slutten av veka, då det gjerne ikkje var pengar att til å kjøpe meir brød.
Lenge før han slutta skulen var Einar Gerhardsen ute i arbeidslivet som visergutt, og etter sju års skulegang vart han det på heiltid. I 1915 fekk han jobb i Vegvesenet og kom aktivt med i fagleg arbeid og i AUF. Han hadde vore politisk aktiv frå dei tidlege ungdomsåra, og han var ikkje nådd stemmerettsalderen før han hadde politikken som heiltidsyrke. I større grad enn for dei fleste norske politikarar er det rett å kalle Einar Gerhardsen for eit politisk menneske. Åra som visergutt og vegarbeidar vart eigentleg berre pynt på eit ekstraordinært politisk livsverk.
Reint fleirtal
Den 19. juni 1945 fekk Gerhardsen oppdrag å skipe ei samlingsregjering som skulle fungere fram til stortingsvalet. Som personleg sekretær på statsministerens kontor fekk han med seg Milorg-leiaren, Jens Christian Hauge og som nestformann i Det økonomiske samordningsrådet fekk han med seg den unge sosialøkonomen Erik Brofoss. Begge desse to kom til å få avgjerande innverknad på den politiske kursen i åra som kom.
Ved valet i oktober 1945 fekk Arbeidarpartiet reint fleirtal i Stortinget. Det var då 30 år sidan sist eitt parti åleine hadde hatt reint fleirtal i nasjonalforsamlinga. Einar Gerhardsen skipa si første reine Ap-regjering som var utnemnd 5. november 1945. Der kom både Jens Christian Hauge og Erik Brofoss med, Hauge som forsvarsminister og Brofoss som finansminister. Berre Trygve Lie og Oscar Torp kom med frå Nygaardsvold si regjering, og berre fem av dei 14 statsrådane hadde parlamentarisk praksis. Gjennomsnittsalderen for regjeringa var på 44 år, den lågaste til då, og den yngste statsråden, Jens Chr. Hauge var berre 30 år. Han var akkurat då gammal nok til å bli innvald på Stortinget.
Å byggje eit statsapparat
Mens både Hornsrud si korte og Nygaardsvold si lange regjeringstid hadde vore prega av at det var stortingsgruppa som sat i førarsetet, vart det nå partiet og fagrørsla som kom til å bli maktbasen. Det var der Gerhardsen hadde sin bakgrunn og det var først og fremst der han henta sin legitimitet. Han vart statsminister nokre månader før han vart innvald på Stortinget.
All makt var ikkje lenger samla «i denne sal», slik som Johan Sverdrup sa det. Nå vart mykje av den reelle makta flytta til Youngstorget, sjølv om parlamentarismen framleis fungerte som prinsipp. I motsetning til både Venstre- og Høgre-regjeringane tidlegare, der stortingsgruppene hadde stor fridom i høve til partiorganisasjonane, vart det nå sentralstyret i Arbeidarpartiet som tok dei viktigaste avgjerdene.
Stortingsgruppa til Arbeidarpartiet vart meir eit sandpåstrøingsorgan. Etter kvart som regjeringa vart varm i trøya og eit statsapparatet  med utgreiingskapasitet vart skikkeleg utbygd, skjedde det nok ei slags symbiose mellom regjering og sentralstyre, slik at det ikkje vart så lett å seie kva for eitt av organa som påverka det andre mest, men Gerhardsen var sjef i begge, og rundt seg samla han eit særs kompetent apparat.
Han fekk også etter kvart mange partifeller inn i viktige posisjonar i embetsverket. Historikaren Jens Arup Seip hevda i det kjende foredraget sitt i Studentersamfunnet i 1963 («Fra embetsmannsstat til ettpartistat») at Gerhardsen si maktovertaking i 1945 innevarsla eit like stort skilje som då parlamentarismen vart innført i 1884. Vi fekk det han kalla «ettpartistaten», og han hevda at Stortinget i Arbeidarpartiets lange fleirtalsperiode forsvann som politisk makt. «Stortinget har vært i politisk eksil mellom Elverum og Kings Bay», som han formulerte seg. Litt rett hadde han, men det var altfor unyansert. Bortsett frå at valordninga ga det største partiet eit visst styringstillegg, så var det veljarane som ga Arbeidarpartiet fleirtalet. I tillegg finst det mange døme på at Gerhardsen og regjeringa justerte og modererte kontroversielle framlegg for å kome opposisjonen i møte.
Gerhardsen var ingen konfrontasjonspolitikar. Det var kompromisset som var hans form, og dei fleste av dei sterke fagpersonane han samla rundt seg, var i heile den perioden Gerhardsen sat som statsminister med på ein gradvis reduksjon av avstanden mellom Arbeidarpartiet på den eine sida og dei borgarlege partia på den andre. Som Geir Lundestad skriv i artikkelen sin «Hovedtendenser i norsk politikk» i artikkelsamlinga «Vekst og velstand», søkte Arbeidarpartiet under Gerhardsen si leiing «å unngå handlinger som i sterk grad ville tjene til å utfordre den ikke-sosialistiske opinion». Han meiner det skjedde ei gradvis avradikalisering av Arbeidarpartiet. Det går også an å kalle det ei avideologisering og eigentleg så har vel denne halde fram heilt til i dag. I denne prosessen fungerte Gerhardsen sjeldan som ein pådrivar, snarare som ein av dei som var i tvil og prøvde å bremse.
Politisk gigant
Det som gjer Einar Gerhardsen til ein gigant blant dei norske statsministrane, er ikkje berre den uslåelege rekorden han sette med sine over 17 år i statsministerstolen. Han ruvar også som regjeringssjef under den lengste og sterkaste vekstperioden og den politisk sett mest stabile perioden vi nokon gong har hatt. Denne utviklinga kom ikkje av seg sjølv.
Einar Gerhardsen var utan tvil eit stor politikar, ein av dei største vi nokon gong har hatt, men det var ikkje som politisk initiativtakar han utmerka seg. Det var sjeldan han som fann på reformene og tiltaka. Dei kom frå apparatet rundt han, eller frå partiorganisasjonen. Hans store styrke, og der han er størst av alle, var den evna han hadde som teambyggar og den evna han hadde til å oppfatte stemningar ute blant folk flest.
Trass i at han er ein av dei statsministrane her i landet som har hatt minst formell utdanning, så var han meir enn nokon annan oppteken av å rekruttere medarbeidarar med høg kompetanse på ulike felt.
Politisk kontroll
I den første Ap-regjeringa etter krigen sette han juristen og Milorg-leiaren Jens Christian Hauge inn som forsvarsminister. Det låg mykje politikk i ei slik utnemning, og det var eit klart brot med den antimilitære lina som Arbeidarpartiet hadde følgt før krigen. Med Hauge ønskte han også å få sterkare politisk kontroll over forsvaret.
Sameleis var det Gerhardsen som trekte sosialøkonomane inn som fagkompetanse i norsk politikk. Den unge sosialøkonomen Erik Brofoss vart finansminister dei første åra, og seinare handelsminister. Han fekk heilt avgjerande innverknad på samfunnsutviklinga i etterkrigstida. Fleire gongar prøvde Brofoss å kome seg ut av regjeringa. Arbeidsmengda var kolossal desse første etterkrigsåra, men kvar gong greidde Gerhardsen å overtale han til å bli. I 1950 skreiv han til og med ein søknad til Gerhardsen om avskjed. Søknaden var på 22 A4-sider, men også då sa Gerhardsen nei.
I tillegg til Brofoss samla han unge sosialøkonomar rundt seg. Til personleg sekretær valde Gerhardsen i 1945 den unge sosialøkonomen Gunnar Bøe.  Det berande programmet for Gerhardsen desse første åra var «industriell modernisering», og han skaffa seg personane som hadde kompetansen og den rette innstillinga til å gjennomføre det.
Det var sterke personar Gerhardsen samla rundt seg. Han ville ikkje ha ja-folk, men folk med sterk vilje. Difor vart det då også mange indre konfliktar i regjeringa. «Man må kunne sitte i en regjering sammen med personer som man ikke vil dra på hyttetur sammen med», sa han, og han hadde mange slike i regjeringa.
Ein dugande, men stridbar person han tok inn i regjeringa, var juristen Olav Meisdalshagen, som vart finansminister i 1947. Han og forsvarsminister Jens Chr. Hauge var som hund og katt. Likevel tok Gerhardsen både Hauge og Meisdalshagen med då han på nytt skipa regjering etter mellomspelet med Oscar Torp.
Gerhardsen var ikkje oppteken av at det var ro rundt statsrådbordet, men at breidda i synspunkta kom fram og fekk brynt seg mot kvarandre. Det vart så statsministerens jobb å trekkje ein konklusjon eller å finne eit kompromiss.
Gerhardsens nære medarbeidar og støttespelar gjennom mange år, partisekretæren, Haakon Lie, har i ei av bøkene sine kalla Einar Gerhardsen for eit maktmenneske og ein maktpolitikar. Det likte Einar Gerhardsen svært dårleg, og han hevda sterkt at han aldri hadde vore oppteken av personleg makt. Det siste han ville var å framstå som noko maktmenneske, men det er liten tvil om at vi knapt har hatt ein politikar i dette hundreåret med større makt enn nettopp Einar Gerhardsen. Det var ikkje ei makt han nytta til eiga vinning, men det seier seg sjølv at i ein periode med ei fleirtalsregjering så ligg det stor makt i å vere både statsminister og formann i regjeringspartiet.
Som ein dirigent har avgjerande makt over orkesteret, hadde Gerhardsen makt over dei personane som utøvde politikken. Sjølv det å skape kompromiss, det å få andre til å samarbeide, er maktutøving. I tillegg hadde Gerhardsen nesten eineveldig makt over kven som skulle sitje i regjeringa. Det var ikkje minst på den måten han utøvde makta si. Jens Arup Seip skriv at han var budd til å skyte når nokon måtte dø og det var ikkje få statsrådar opp gjennom åra som var bitre etter å ha blitt sparka frå regjeringa.
Personleg framsto han som nesten ein litt blyg person, ein som heller brydd av å vere i fokus. Han framstilte det då også alltid slik at det var ansvarskjensle meir enn eigne ambisjonar som dreiv han. Om akkurat det er det usemje blant dei som kjende han. Eit faktum er det at det var vanskeleg for Gerhardsen å ha fortrulege samtalar med kvar einskild av medarbeidarane sine. Det var gruppa, kollegiet, som var hans arena. Det var få av statsrådane han slapp nær innpå livet. Det var til dømes aldri noko godt forhold mellom Gerhardsen og Trygve Bratteli som han hadde som nestformann i partiet i 20 år og som han også fleire gongar nytta som statsråd. Gerhardsen prøvde også å unngå Bratteli som sin etterfølgjar. Olaf Solumsmoen som var statssekretær hos han i alle regjeringsåra sa: «Jeg har i virkeligheten visst aldri hatt en helt fortrolig og åpen samtale med Einar Gerhardsen.
 
Rettsoppgjeret
Det å ta over regjeringsansvaret etter krigen var vel omtrent den vanskelegaste jobben nokon statsminister har stått overfor. Det å få hjula i gang att, gjenreisinga og ikkje minst oppattbygginga av Finnmark og Nord-Troms, var gigantiske oppgåver i seg sjølv.
I tillegg kom rettsoppgjeret og alle dødsdommane mot til saman 30 nordmenn og 12 tyskarar. Dei  hamna til slutt på regjeringas bord som ankesaker. Det var politisk uråd å gi 25 av desse nordmennene nåde, og alle desse vart avretta. Det same vart tyskarane. Fire dødsdømde nordmenn fekk nåde og ein døydde i fengsel. Gerhardsen vedgjekk at desse sakene var noko av det vondaste han var med på i si statsministertid.
NATO-striden
Den politisk sett vanskelegaste saka både for regjeringa og for Arbeidarpartiet var nok spørsmålet om kva forsvars- og tryggingspolitisk kurs Noreg skulle velje etter krigen. Dei første åra etter krigen definerte regjeringa Noregs rolle som ein brubyggar mellom aust og vest, men så melde spørsmålet seg om vi kunne stå åleine utanfor den vestlege militæralliansen som det var planar om. 
Med stor rett er det hevda at denne saka eigentleg var ein kamp om Einar Gerhardsens sjel. Utan tvil var det også denne saka som var tyngst for han personleg, og han tvilte seg fram. Helst ville han ha eit nordisk forsvarssamarbeid, men ein føresetnad for det ville vere at Noreg likevel kunne få kjøpe våpen frå USA, og vi hadde bruk for ein garanti frå vestmaktene om hjelp i tilfelle krig.
Utanriksminister Hallvard Lange, forsvarsminister Jens Chr. Hauge og handelsminister Erik Brofoss avviste klart tanken om at eit nordisk forsvarssamarbeid kunne vere godt nok for Noreg, og dei fekk støtte også frå andre statsrådar.
Det viste seg at USA ikkje kunne gi nokon garanti til land utanfor det vestlege samarbeidet, og dermed måtte også Gerhardsen gi seg. Han måtte godta NATO med hjerna, men gjorde det ikkje med hjarta, som LO-sjefen Konrad Nordahl skriv.
Då avgjerda var tatt, fekk han raskt kjempa saka gjennom i Arbeidarpartiets landsmøte. Stortingsgruppa, der det var fleirtal for eit nordisk alternativ, måtte bøye seg. Ikkje minst kommunistkuppet i Tsjekkoslovakia den 21. og 22. februar 1948 kom til å auke presset og tempoet i det valet Noreg måtte gjere.
Nokre dagar etter kuppet heldt Einar Gerhardsen den historiske talen sin i Kråkerøy ved Fredrikstad, der han tok eit oppgjer med dei norske kommunistane. «Det som kan true det norske folks frihet og demokrati det er den fare som Det norske kommunistparti til enhver tid representerer», sa han. I hemmeleg møte i Stortinget den 29. mars vart norsk medlemskap i NATO godkjent. Truleg er det eitt av dei aller viktigaste vedtak som vart gjort i Gerhardsen si regjeringstid.
Også i spørsmålet om kor vidt Noreg skulle ta imot Marshall-hjelp frå USA var Gerhardsen ein tvilande skeptikar, men let seg overtyde. Gerhardsen skriv då også i memoarane sine at han la sterk vekt på at det skulle vere mest mogeleg tverrpolitisk semje om utanriks- og tryggingspolitikken, og det vart det då også, men utover i siste halvdel av 1950-åra auka det på med indre strid i Arbeidarpartiet og også i regjeringa om den utanrikspolitiske kursen.
Utanriksminister Hallvard Lange tykte statsministeren blanda seg for mykje opp i utanrikspolitikken, og hadde støtte av partisekretæren, Haakon Lie. Særleg i synet på opprustninga og tilhøvet til Sovjetunionen skilde statsministeren  lag med Lange og Lie, og det vart ei kløft mellom dei som voks år om anna. På landsmøtet i Arbeidarpartiet i 1967 kom det til eit ope brot mellom Lie og Gerhardsen, og det skulle gå mange år før dei på nytt var på talefot med kvarandre.
Overvaking
Ein mørk flekk på Gerhardsens ettermæle er også det overvakings- og avlyttingssamfunnet som vart avdekka gjennom rapporten frå Lund-kommisjonen. Frykta for at kommunistane, styrte frå Moskva, kunne kome til å «erobre landet innanfrå», gjorde at det vart sett i gang omfattande overvaking og registrering av kommunistar.
Også på arbeidsplassane skjedde det kamp om makta mellom Ap-medlemer og medlemar av kommunistpartiet, og etter kvart kom Ap til å bygge opp sitt eige etterretningsapparat som samarbeidde med statens offisielle overvakingsapparat, og i ikkje liten utstrekning vart statens overvakingsapparat nytta i den politiske og faglege kampen mot NKP.
Det var langt frå berre lovlege midlar som vart nytta. Gerhardsen visste nok ikkje om alt, men han visste sikkert om mykje. «Man må ikke ‘følge reglementet’ når det gjelder disse folkene», sa han på eit internt møte. At det var grunnlag for frykt viser mellom anna at det frå Moskva vart overført nokså store summar til Noregs Kommunistiske Parti heilt fram til 1960-åra. Dokumentasjon om det er funne i sovjetiske arkiv.
Både telefon- og romavlytting vart nytta i stor utstrekning, og heilt fram til 1970-åra vart det ført lister over kommunistar som skulle haldast ute frå viktige stillingar. Gerhardsen opplevde til og med at Werna, hans eiga kone, kom i arkivet hos overvakingspolitiet, fordi ho hadde kontakt med russiske diplomatar. Heile dette overvakingsapparatet kunne kanskje forsvarast mens kampen var som hardast den første etterkrigstida, men Arbeidarpartiet vann kampen utan å avvikle overvakingsapparatet. Det vart i stor utstrekning omgjort til eit apparat også mot den indre opposisjonen i partiet og mot all annan opposisjon.
Torp tek over
En dag i førstninga av  november i 1951 kom Gerhardsen bort til Oscar Torp, som då var parlamentarisk leiar, og ba om ein samtale på tomannshand. I den samtalen fortalde Gerhardsen at han ville gå av som statsminister, og han spurde om Torp kunne tenkje seg å ta over. Det var ei bombe. Torp vart sjokkert, men sa til slutt ja til å bli statsminister. Heilt utan ambisjonar var vel heller ikkje han.
Gerhardsen grunngav avgangen sin med at han «var trett». Han var ikkje meir enn 54 år, men han hadde vore statsminister i seks svært travle og tunge år. Få trudde på Gerhardsen om at årsaka til avgangen var at han var trøytt, og blant historikarar og i ulike memoarbøker er det blitt spekulert over kva slags vanskelege saker det var som fekk Gerhardsen til å trekkje seg. Sjølv hevda han resten av livet at han snakka sant om den grunnen han ga i 1951. Det er opplagt at han må ha kjent at han møtte veggen, og at han opplevde situasjonen som ei personleg krise, og at han kjende behovet for å bli kvitt ansvaret.
Han ville ikkje ut av politikken, for planen hans var at han skulle byte posisjon med Torp og bli parlamentarisk leiar. I tillegg vart han stortingspresident då vervet vart ledig i 1953. Det kunne altså ikkje vere arbeidsmengda Gerhardsen var redd. Dagane vart like lange i Stortinget.
Skiftet skjedde enkelt og udramatisk den 19. november 1951, men det gjekk ikkje meir enn eit par år med Torp ved roret før Haakon Lie tok til å arbeide for at Torp burde gå og Gerhardsen ta over att. Nå hadde Gerhardsen kvilt seg lenge nok.
Fram til stortingsvalet i 1953 fungerte samarbeidet mellom Torp og Gerhardsen godt, men i tida etter valet kom det ei sak som skapte vondt blod. Regjeringa gjorde framlegg om 18 månaders tenestetid i forsvaret. Det vakte sterke reaksjonar i stortingsgruppa og i sentralstyret. Gerhardsen utarbeidde eit kompromiss på 16 månader, og det vart vedteke. Det var han som ordna opp. Regjeringa vart svekka, og snart melde det seg misnøye med at regjeringa gjorde for lite for å hindre prisauken. 
I og utanfor Arbeidarpartiet florerte det med rykte om eit snarleg regjeringsskifte, og statsminister Torp kalla leiande personar i partiet og fagrørsla inn til møte. Han ville vite om dei ønskte regjeringsskifte. Einar Gerhardsen sa då: «Skulle jeg gi deg, Oscar Torp, et personlig råd, ville det være dette, at du så snart som mulig går ut av regjeringen. Dette kunne jeg ha sagt så mye lettere, hvis jeg ikke visste at jeg selv er nevnt som ny statsminister.» Torp sa seg straks villig til å gå, sjølv om han var bitter over måten det skjedde på.  
Den 22. januar 1955 gjekk Torp si regjering av, og Gerhardsen skipa si tredje regjering.

Sjå video frå NRK Skole: "Gerhardsen og samfunnet 1950":
 
 
Landsfaderen
Det var ein frisk og opplagt Einar Gerhardsen som tok fatt på ein ny statsministerperiode. Han skifta ut ein stor del av statsrådane, og nokre av dei nye han ville ha inn, var uvillige. Det likte han dårleg. Han meinte at regjeringsarbeidet var ei plikt, og han godtok berre helseproblem som fritaksgrunn.
Gerhardsen ville ha endå meir fagleg tyngde inn i regjeringa, og med stor kraft sette han inn tiltak for å redusere underskotet i utanriksøkonomien. For å få inflasjonen under kontroll, sette han opp renta. Finansministeren i Torp-regjeringa, Trygve Bratteli, hevda seinare at desse tiltaka låg førebudde og klare til og setjast ut i livet, men at motstanden i stortingsgruppa, der Gerhardsen var sjef, var for stor. Denne framstillinga avviser Gerhardsen, og sanninga er kanskje ein stad midt imellom? Det er likevel eit faktum at Gerhardsen med ein gong han tok over, skapte inntrykket av å ha styringa.
Midt under valkampen i 1957 døydde kong Haakon. For første gong på mange hundre år var ein konge død her i landet. Utan tvil medverka dødsfallet til at Arbeidarpartiet ved det valet oppnådde det beste valresultatet partiet nokon gong har hatt, over 48 prosent av stemmene. Veljarane søkte til den trygge og kjende statsministeren, «landsfaderen» Einar Gerhardsen.
Etter så mange år med fleirtal grodde det sjølvsagt fram ei kjensle i partiet av det ein kan kalle «maktbrynde», ikkje hos Gerhardsen så mykje som hos mange andre i partiet.
I 1959 hadde regjeringa opna for at det statseigde Raufoss Ammunisjonsfabrikker kunne selje ammunisjon til diktatoren Batista på Cuba. Det var borgarkrig på Cuba, og salsløyvet var i strid med det norske regelverket. Både Gerhardsen og utanriksminister Lange var i utlandet då saka vart avgjort, og Gerhardsen sa seg til slutt samd i den kritikken mindretalet på Stortinget framførde mot regjeringa sin handlemåte, men noko mistillitsframlegg mot regjeringa, slik alle dei borgarlege partia for første gong hadde samla seg bak, ville han ikkje høyre snakk om.
Den parlamentariske leiaren i Arbeidarpartiet, Nils Hønsvald, sa at noko mistillitsforslag aldri ville bli vedteke så lenge Ap hadde fleirtalet. Ønskte partiet å skifte regjering eller statsrådar så gjorde det slikt på eiga hand. Nettopp som eit symbol på den totale makta Arbeidarpartiet kjende det hadde etter valet i 1957, vart dette prinsippet av opposisjonen døypt «den hønsvaldske parlamentarisme». Heilt uvanleg er vel ikkje bruken av dette prinsippet i periodar med fleirtalsregjeringar.
Sjå video frå NRK Skole: "Landsfader om arbeiderbevegelsen", sendt 21.8.1962:
 
 
Eit nytt parti
Like før valet i 1961 vart det skipa eit nytt parti, Sosialistisk Folkeparti, til venstre for Arbeidarpartiet. Det hadde samanheng med at den såkalla Orienterings-gruppa, personane bak vekeavisa Orientering, vart ekskluderte frå Arbeidarpartiet. Denne gruppa var usamd med partiet i den utanrikspolitiske kursen, og kjempa mot atomopprusting og for at Noreg skulle melde seg ut av NATO.
Einar Gerhardsen kjende eit personleg ansvar for det som hadde skjedd. Ved valet i 1961 tapte Arbeidarpartiet fleirtalet i Stortinget. SF fekk inn to representantar og kom i vippeposisjon. Det vart ei vanskeleg tid. Den første debatten om norsk medlemskap i EEC kom like etter valet, og Gerhardsen visste at dette kunne splitte partiet. Han ønskte å halde konklusjonen open så lenge som råd. Den franske presidenten Charles de Gaulle sette bom for vidare debatt med sitt nei til britisk medlemskap i 1963. I staden vart det innanrikspolitikk som kom til å oppta Gerhardsen si tid.
Dei borgarlege partia sette fram to mistillitsframlegg på kort tid, ingen av dei fekk fleirtal, men det var tydeleg dei jakta på ei sak som også SF kunne støtte, slik at regjeringa kunne fellast.
Kings Bay
Ei slik sak kom gjennom granskingsrapporten etter gruveulykka i Kings Bay-gruva på Svalbard. Ulykka hadde kosta 21 arbeidarar livet. Dette var eit statleg gruveselskap og kritikken mot styret og leiing var sterk. Industriminister Kjell Holler gjekk av. Det skjedde like før Stortinget skulle ta sommarferie, men den høgtidelege oppløysinga av Stortinget vart utsett til hausten.
Det vart ein vond og vanskeleg sommar for Einar Gerhardsen, og det var tydeleg at han ikkje lenger hadde det faste grepet om sakene som han hadde hatt tidlegare. Regjeringsslitasjen tok til å melde seg. Sju år samanhengande hadde denne regjeringa hatt ansvaret. Sommaren 1963 var prega av denne saka, og Gerhardsen visste at debatten ville munne ut i eit mistillitsforslag.
 Spørsmålet var kva SF ville gjere. 20. august starta debatten i Stortinget. I fire dagar varte det, og for første gong var det TV-overføring frå ein heil stortingsdebatt. Heile folket følgde med. På tampen av debatten gjorde SF-representanten Finn Gustavsen det klart at dei to frå SF ville stemme for mistillitsframlegget, men at dei i tillegg ville gjere framlegg om at regjeringskrisa som ville oppstå best kunne løysast ved at det vart skipa ei ny Ap-regjering.
Ein epoke var over
Mistillitsframlegget vart vedteke med 76 mot 74 stemmer, og SFs framlegg fekk berre partiet sine to stemmer. Dagen etter, den 24. august, leverte Einar Gerhardsen inn regjeringa sin søknad om avskjed.
Ein heil epoke i norsk politisk historie var slutt. Sjølv om John Lyng si borgarlege regjering som vart skipa fire dagar seinare, måtte gå etter ein månad, varte resten av Gerhardsen-epoken berre fram til valet i 1965.
Den korte tida den fjerde Gerhardsen-regjeringa sat, viste likevel at Arbeidarpartiet hadde lært. Ei rekkje nye industriskandalar kom på bordet, og nå var regjeringa vesentleg opnare for å motta kritikk. Også i Kings Bay-saka kunne truleg regjeringa berga seg om ikkje industriminister Kjell Holler hadde gått av på førehand, men møtt i Stortinget og lova bot og betring.
Ikkje uventa vart det ved valet i 1965  borgarleg fleirtal og regjeringa Borten tok over. Einar Gerhardsen vart stortingsrepresentant. Han gjekk også av som partiformann og overlot roret til Trygve Bratteli. På Stortinget sat han til 1969. Då gjekk han av og innleidde ein ny, lang epoke som eldre statsmann, bestefar, memoarforfattar og høgt skatta foredragshaldar.
I 1970 fekk han Borgerdådsmedaljen i gull, elles var han motstandar av ros og virak rundt sin eigen person. Trygve Bull, som braut med Arbeidarpartiet og gjekk over til SF, sa om Gerhardsen at han ikkje var ekspert på noko anna enn politikk. «Han var eit slags overmenneske i menneskelighet, nesten som en av oss, bare så mye flinkere». Gerhardsen sjølv hevda at alt han har gjort har han gjort for partiet. Under ei reise ein fin dag i Geiranger, stansa reiseselskapet for å nyte den vakre sunnmørsnaturen. «Finare parti i Noreg er det ikkje råd å finne», var det ein som sa. «Det måtte i så fall vere Det norske Arbeiderparti det», svara Gerhardsen.
Då vegarbeidar Gerhardsen på landsmøtet i Kommuneforbundet i 1922 vart vald til fastlønna sekretær, så ga han seg sjølv den heilage lovnaden at han aldri skulle bli nokon «pamp». Han skreiv til og med eit brev til seg sjølv om det. «Pamp» vart han nok oppfatta som av mange som kryssa vegen hans, men mest vart han sett på som «landsfaderen». Klokka 02.15 laurdag 19. september 1987 sovna han stilt inn.

 
Kjelder
 
 
Utdrag frå Harald Kjølås: Norske statsministrar, Det Norske Samlaget 1999
Redigert med digital einerett etter avtale med Det Norske Samlaget 2012

Først publisert: 29.02.2012
Sist oppdatert: 01.07.2013