Hopp til innhold
Einar Már Guðmundsson. Foto: Johannes Jansson, norden.org CC BY SA 4.0.
Einar Már Guðmundsson. Foto: Johannes Jansson, norden.org CC BY SA 4.0.
X
Innhald

Einar Már Guðmundsson

Einar Már Guðmundsson, fødd i 1954, er ein islandsk forfattar og litteraturvitar. Guðmundsson fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1995 for "Englar alheimsins".

Einar Már Guðmundsson, fødd i 1954, er ein islandsk forfattar og litteraturvitar. Han debuterte i 1980 med to diktsamlingar: Er nokkur í Kórónafötum hér inni? og Sendisveinninn er einmana. Guðmundsson har skrive fleire romanar, mellom dei Riddarar hringstigans (1982), som kom på norsk i 1986 med tittelen Ridderne av den runde trapp, Vængjasláttur í þakrennum (1983), til norsk i 1987 med tittelen Vingeslag i takrenna, Rauðir dagar (1990), omsett til norsk i 1992 med tittelen Røde dager, Fótspór á himnum (1997), Fotspor på himmelen var tittelen på den norske utgåva som kom i 1999, og Bítlaávarpið (2004), Beatlesmanifestet på norsk i 2006. Han har òg skrive dikt, noveller og filmmanuskript.

Guðmundsson fekk Nordisk Råds litteraturpris i 1995 for Englar alheimsins, som fekk tittelen Universets engler på norsk i 1993, og som vart filmatisert i 2000 i regi av Fridrik Thór Fridriksson.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.05.2016
Sist oppdatert: 20.05.2016