Hopp til innhold
Eivind Groven (ca. 1935). Ukjend fotograf.Kjelde: digitaltmuseum.no. Eigar: Oslo Museum. Inventarnr.: OB.F05912a. CC BY-SA 4.0.
Eivind Groven (ca. 1935). Ukjend fotograf.Kjelde: digitaltmuseum.no. Eigar: Oslo Museum. Inventarnr.: OB.F05912a. CC BY-SA 4.0.
X
Innhald

Eivind Groven

Eivind Groven, komponist, musikkforskar og folkemusikksamlar. Han var programleiar i Folkemusikkhalvtimen, komponerte pause- og kjenningssignalet på NRK Radio og laga arrangementet til Arnulf Øverlands dikt «Om kvelden».

Groven var fødd i Lårdal i Telemark 8. oktober 1901 og døydde 8. februar 1977. Som barn lærte han å spele hardingfele og seljefløyte, og alt frå unge år samla han inn ei stor mengd slåttar. Han var medredaktør for Hardingfeleslåttar (7 band, 1958–81) og forfattar av fleire musikkteoretiske skrifter om tonalitet og stemming i norsk så vel som i eskimoisk folkemusikk. Han konstruerte fleire «reinstemte» instrument (orgel, harmonium) som kunne gi att folkemusikalsk tonalitet, eller naturtoneskalaer.
 
Groven var i hovudsak sjølvlært som komponist. Han skreiv to symfoniar (1938, 1946), ein klaverkonsert (1949), og overturen «Hjalarljod» (1950). Vidare komponerte han ei rekkje vokalverk i store og små format, ofte til tekstar av Henrik Wergeland, Hans E. Kinck og Ingeborg Refling Hagen, eller til folkedikting, til dømes til folkevisene «Margit Hjukse», «Olav Liljekrans» og «Draumkvedet». Komposisjonsteknikken hans er tydeleg inspirert av slåttemusikken, ikkje berre rytmisk og melodisk, men òg i måten han lèt motiva sine gå gjennom kontinuerlege variasjonar (metamorfosar) på.
 

Kjelder

Olav Fjalestad (red.): Eivind Groven. Heidersskrift til 70-årsdagen 8. oktober 1971. 1971
Anne Jorunn Kydland Lysdahl: «Eivind Groven. Tradisjonsbærer og fornyer», Norges Musikkhistorie, bd. 4. Oslo 2000

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 09.10.2019