Hopp til innhold

Eli Kari Gjengedal

Eli Kari Gjengedal, akvaingeniør, forfattar, programleiar, tidlegare vêrmeldar på TV2 og seinare redaksjonssjef for vêrmeldingane på den same kanalen.

Eli Kari Gjengedal er fødd 24. mars 1971 i Sogndal og voks opp i Leikanger i Sogn og Fjordane. Ho bur i Bergen. Gjengedal var elev ved Sogndal gymnas i 1987–90 og er utdanna akvaingeniør frå Høgskolen på Vestlandet (avd. Bergen) i 1994–97. Ho arbeidde i først i restaurantbransjen, og frå 2000 til 2013 var ho tilsett som vêrmeldar for Storm Weather Center (no StormGeo) på TV2. I 2014 var ho programleiar for Værbitt på NRK, og sidan 2014 har ho arbeidd som vêrsjef i TV2. Ho lagar podkastar for Dagbladet, og har ei fast vêrspalte på nynorsk på baksida av den same avisa.

 

Gjengedal har gitt ut fleire bøker, mellom anna Cocktail. 44 vegar til fin bris (2005) og barneboka Karl Oscar i hardt vêr (2007), der ho mellom anna forklarer ulike vêrfenomen. Ho har òg gitt ut fleire faktabøker om vêr: Værtegn i Norge (2010), Moro med vær (2011) og Vanvittig moro med vann (2012).

 

Gjengedal er engasjert, sprudlande og allsidig. Medan ho var vêrmeldar på TV2, hadde ho fleire kreative innslag. Ho har sunge seg gjennom heile vêrmeldinga, kledd seg i romdrakt, og i den siste sendinga som vêrmeldar i 2013 blei ho usynleg. Saman med to kollegaer tok ho verdsrekorden i vêrmelding etter å ha meldt vêret i meir enn 24 timar i strekk på TV2 i 2014.

 

Ho fekk Dialektprisen til Norsk Målungdom i 2009. I 2016 konkurrerte ho i programmet «Skal vi danse» på TV2. Gjengedal skriv dessutan for helgeavisa til Dagbladet, og ho er eigar av firmaet Kuling & Kaos.

 

Video: «Eli Kari synger værmeldingen», youtube.com

 

Kjelder

Roger Holthe Olsen: «Eli Kari Gjengedal», tv2.no, publisert 26.3.2008: http://www.tv2.no/a/1707593/ [lesedato 25.9.2017]

Geir Arne Solheim: «– Ha ein kjekke dag!», Fjord1-magasinet nr. 1, 2005. Tilgjengeleg i tekstbasen til Nynorsksenteret: https://tekstbasen.nynorsksenteret.no/filer/1/Intervju_0501Fjord1_Eli%20Kari%20Gjengedal.pdf [lesedato 25.9.2017]

Martine Haug Nysether: «Eli Kari Gjengedal ferdig i NRK», vg.no, publisert 30.3.2014: http://www.vg.no/rampelys/eli-kari-gjengedal-ferdig-i-nrk/a/10138829/ [lesedato 25.9.2017]

 

Peikarar

Lise Grønskar: «Eli Kari Gjengedal fikk oppfylt 'våt drøm'», dagbladet.no 

«Dialektpris til Eli Kari Gjengedal», nrk.no 

Først publisert: 12.12.2017
Sist oppdatert: 14.11.2018