Hopp til innhold
X
Innhald

Elin Grimstad

Elin Grimstad er forfattar, animatør og musikar. Ho gir ut barnebøker, lagar animasjonsfilmar og er låtskrivar og vokalist i eit indiepopband.

Elin Grimstad er fødd 6. november 1976 i Giske, Møre og Romsdal og er busett same staden. Ho var elev ved Fagerlia videregående skole frå 1992 til 1995. I 2002 blei ho Bachelor of Creative Arts i animasjonsfilm og skriving for barn og unge ved Bath Spa University. Ho tok forfattarutdanning ved Norsk Barnebokinstitutt i Oslo i åra 2007 til 2009.

Grimstad har gjort mange produksjonar for Den kulturelle skulesekken (DKS), som til dømes Månen som ville lyse som ei sol (2012–16) og Evige jaktmarker (2017–).

Debuten Månen som ville lyse som ei sol (2012) er ei biletbok for barn, der Grimstad står for både tekst og illustrasjonar. Forteljinga handlar om vitskap, men like mykje om å verdsetje kvarandre. I boka nytta ho ein eigenutvikla illustrasjonsteknikk, basert på kunnskapen om animasjonsfilm. I animasjonsfilmen Evige jaktmarker (2016) stod Grimstad for både manus, produksjon og regi. I tillegg hadde ho ansvar for design og bygging av filmsettet.

Sidan 2004 har Grimstad vore vokalist og gitarist i indiepopbandet Je Suis Animal, der ho òg er komponist og tekstforfattar. Bandet har spela på scener rundt om i verda og hatt fleire plateutgivingar i Noreg og internasjonalt.

Grimstad har sidan 2020 vore prosjektansvarleg for etableringa av eit digitalt galleri over teaterfigurar i Noreg frå 1945 til i dag, i samarbeid med Mona Wiig og Sceneweb.no.

For Evige jaktmarker fekk Grimstad i 2016 Golden Dove, Best Short Animation Film under International Leipzig Festival for Documentary and Animated Film.

 

Kjelder

E‑post frå Elin Grimstad 5.8.2019

 

Nynorsksenteret: «Bok på 1-2-3: Månen som ville lyse som ei sol», nynorskbok.no, publisert 10.4.2019: https://www.nynorskbok.no/2019/04/10/bok-pa-1-2-3-manen-som-ville-lyse-som-ei-sol/ [lesedato 15.12.2019]

 

Peikarar

Det Norske Samlaget: «Korleis ei unik biletbok vart til», youtube.com, publisert 16.5.2012

Janne-Marit Myklebust: «Månelys utstilling i Aasen-tunet», morenytt.no, sist oppdatert 30.11.2012

Anne Cathrine Straume: «Strålende barnebokdebut», nrk.no, publisert 24.5.2012

Først publisert: 23.09.2020
Sist oppdatert: 17.10.2020