Hopp til innhold
X
Innhald

Erik Gunleikson

Erik Sevrin Gunleikson, forleggjar og bokhandlar.

Gunleikson var fødd i Søndeled 5. oktober 1872 og døydde 12. desember 1949. Etter folkeskulen dreiv han farsgarden i Søndeled til han i 1906 tok over ein bokhandel i Risør. Denne verksemda utvida han i 1912 til forlag, med mange utgivingar på landsmål.
Erik Gunleiksons Forlag gav mellom anna ut bladet Dølen 1913–16, trebandsverket Utvalde skrivter av Rasmus Steinsvik (1916–22), Norsk bondesylv av Rikard Berge (24 hefte 1920–25) og tidsskrifta Norsk folkekultur 1915–25 og Ung-Norig 1918–24.
Gunleikson bygde opp ei stor privat boksamling og var i mange år medlem av kommunestyret i Søndeled og i Risør.
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Peikarar

Først publisert: 12.10.2011
Sist oppdatert: 04.02.2013