Hopp til innhold
X
Innhald

Frode Gjerstad

Frode Gjerstad, fødd 1948, er jazzmusikar og tenor-, alt- og sopransaksofonist, klarinettist, bassklarinettist og orkesterleiar. Gjerstad er ein forkjempar for fri improvisert musikk. Han har hatt eigne band sidan 1978 og eit eige plateselskap. Gjerstad har gitt ut fleire soloalbum og ei rekkje plater med utanlandske frijazzmusikarar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2013
Sist oppdatert: 06.11.2013