Hopp til innhold
X
Innhald

Frode Grytten

Frode Grytten, forfattar og journalist som har nådd eit stort og internasjonalt publikum med bøkene sine.

Frode Grytten vart fødd 11. desember 1960. Han voks opp i Odda og er busett i Bergen, der han i nokre år var fast tilsett som kulturjournalist i Bergens Tidende.
 
Frode Grytten. Foto: Thor Brødreskift/Nordiske Mediedager CC BY SA 3.0
Frode Grytten. Foto: Thor Brødreskift/Nordiske Mediedager CC BY SA 3.0
 
Frode Grytten debuterte som forfattar med diktsamlinga Start på Aschehoug forlag i 1983. I 1986 kom novellesamlinga Dans som en sommerfugl, stikk som en bie, også den på Aschehoug. Seinare har Grytten gitt ut alle dei skjønnlitterære bøkene sine for vaksne på Samlaget. I tillegg har han gitt ut ei barnebok, Frosken Vertigo og det store spranget, på Eide forlag i 1999, og ei barnebok, Hull & Sønn, 2004 og ei reiseskildring, Dublin, 2002, på Spartacus Forlag. Frode Grytten fekk sitt store gjennombrot med boka Bikubesong i 1999.
 
Konseptuell forfattar
Frode Grytten syner heilt frå dei første bøkene sine eit medvite tilhøve til angloamerikansk kultur, ikkje minst popkultur. I fleire av bøkene hans har denne interessa danna det konseptuelle utgangspunktet for teksten. Gjennombrotsboka Bikubesong held seg rett nok til eit anna sentralt formprinsipp, nemleg eit hus som vert kalla ”Murboligen” i Odda. Her står det konseptuelle utgangspunktet fram som det romanaktige ved publikasjonen. Eininga vert såleis det som er sams for dei mange forteljingane boka består av, konkretisert ved det sambandet personane har til Murboligen, slik at dei einskilde tekstane, som kan lesast som sjølvstendige noveller, fungerer som ”husvære” i den litterære makrostrukturen.
 
Seinare bøker har synt at Grytten er ein forfattar som gjerne vil ha ein berande idé som ytre skjelett for dei tekstane han skriv, og oftast er det novellesjangeren han grip til. I novella får forfattaren høve til å presentere scener som opnar for meddikting, slik at det framhaldet som oppstår i lesaren, utgjer ein roman som forfattaren ikkje kjenner. Grytten nyttar novelleteknikken til fulle ved å innleie teksten nær eit punkt der eitkvart står på spel, og ved å forlate han innan alt er avgjort.
 
I samlinga Popsongar frå 2001 har Grytten skrive 24 noveller, kvar med tilknyting til ein song, ei tid på døgeret og ein stad i verda. I samlinga Rom ved havet, rom i byen, 2007, er det ti målarstykke av Edward Hopper som tener som utgangspunkt og matrise. Men sjølv om den utvendige strukturen er fastlagd og statisk ved slike disposisjonar, er det dynamiske menneskelege konfliktar og drama som står i sentrum hjå Grytten.
 
Dei assosiasjonane forfattaren gjer seg gjennom tekstane, eller nyttar som startmotor, er ikkje naudsynte eller påtrengande for lesaren. Det er dei tette, nære og vanlege samtalane, ofte i situasjonar der noko må avgjerast, som grip lesaren, og stundom fråværet av slike samtalar, det som ikkje vert sagt, det som kanskje ikkje lèt seg seie, men som ein finn uttrykt ved eit musikkstykke eller eit bilete. Grytten skriv fram stemningar, ofte melankolske, og søkjer stundom det riktige språklege uttrykket i det som ikkje slår lesaren som briljant eller retorisk overtydande. Grytten er med andre ord ein realist, som musikalsk leitar seg fram til det språket folk har når dei er utan regi og førebuing, det vil seie medan dei lever, overrumpla av lagnaden.
 
Romanen Flytande bjørn, som kom i 2005, rører seg litt utanfor den litteraturen ein elles finn hjå Frode Grytten. Boka er ein spenningsroman, ein kriminalroman som ikkje berre har etterforskinga av eit brotsverk på dagsordenen, men som også er ei augnevitneskildring av forfallstid og oppløysing for eit industrihistorisk mellomspel. Portrettet av småbyen Odda er eit dokument over dei brå endringane i det norske samfunnet, og der sakprosaen berre kan formidle det som kan kvantifiserast, syner Grytten at skjønnlitteraturen, med si stemningsskapande kraft, er i stand til å bere fram det kvalitative aspektet ved erkjenning og oppleving.
 
I 2014 kom boka Vente på fuglen, ei novellesamling, der kvar av dei 200 "twitternovellene" er på 140 teikn. Novellene vart skrivne og publiserte først på den sosiale nettstaden Twitter, der ein ikkje kan skrive meir enn 140 teikn.
 
Kjelder
Forfattarside om Frode Grytten, samlaget.no, http://samlaget.no/Forfattarar/G/Frode-Grytten.aspx [lesedato 03.11.2010]
 
Vidare lesing
Frode Grytten : forfattarhefte, utg. av Biblioteksentralen, 2002
Nordstoga, Sveinung: "Å gå ut i verda med hornbrillene til Morrissey : rock, modernitet og identitet i nokre Frode Grytten-tekstar". Norsk litterær årbok (2003), 212-227
Rottem, Øystein: Norges litteraturhistorie, b. 8: Vår egen tid, 1998

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 06.07.2009
Sist oppdatert: 11.04.2018