Hopp til innhold
X
Innhald

Gerhard Garatun-Tjeldstø

Gerhard Garatun-Tjeldstø, journalist og forfattar. Han fekk læretida si i Gula Tidend, arbeidde i 25 år i Bergens Tidende som fiskerimedarbeidar og teatermeldar, og han skreiv om menneske ved havet.

Gerhard Garatun-Tjeldstø var fødd i Herdla 19. juli 1901 og døydde i Bergen 9. oktober 1995. Han tok lærareksamen på Stord i 1921, var lærar i Hjelme i Nordhordland 1921–27 og gjekk så over til journalistikk og forfattarverksemd. Frå 1926 til 1937 arbeidde han i Gula Tidend, og i 1937 vart han tilsett i Bergens Tidende, der han vart verande til han gjekk av for aldersgrensa i 1971. Frå 1946 til 1965 var han fiskerimedarbeidar i avisa, frå 1965 teatermeldar.
Han var vestmann og skreiv i-mål, som òg var husnorma i Bergens Tidende for redaksjonelt stoff på nynorsk. Norma vart endra først etter at Garatun-Tjeldstø slutta.
Garatun-Tjeldstø skreiv skodespela Vokenatt (framført på Det Norske Teatret i 1933, på Den nationale Scene i 1934), Og vegine falle so vide (framført på Det Norske Teatret i 1954, på Den nationale Scene i 1957) og Krosshaugen (framført på Den nationale Scene i 1965). Dei tre teaterstykka vart i 1965 samla i boka Menneske ved havet. Han skreiv òg høyrespel for radioen og jubileumsskriftet Noregs sildesalslag gjennom 50 år (1977).
Kjelder
Alham [Alf H. Madsen]: «G.-Tj.», Bergens Tidende 17.7.1971
Kåre Fasting: Hundre års kavalkade. Bergens Tidende 1868–1968. Bergen 1967
Gerhard Garatun-Tjeldstø: Menneske ved havet. Oslo 1965
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Hannaas, Clausen, Jerdal: Vestmannalaget i 110 år (kapitlet «'Tvillingane' Bergens Tidende og Vestmannalaget»). Bergen 1978
Per Håland (red.): Gula Tidend i 75 år. Bergen 1979
Kjartan Rødland: «Mannen frå havet», minneord, Bergens Tidende 11.10.1995
Norsk Presseforbund: Pressefolk 1990. Institutt for Journalistikk 1990
Nils Sletbak (red.): Det Norske Teatret 50 år. 1913–63. Oslo 1963

Først publisert: 23.11.2011
Sist oppdatert: 29.04.2013