Hopp til innhold
X
Innhald

Gerhard (von der Lippe) Gran

Gerhard (von der Lippe) Gran, 1856–1925, var litteraturhistorikar og grunnla tidsskrifta Samtiden i 1890 og Edda i 1914.

Frå 1904 var han redaktør for Nordisk tidsskrift. I åra 1900–19 var Gran professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Kristiania. Han gav mellom anna ut Jean Jacques Rousseau (1910–11), som ikkje vart fullført, Bjørnstjerne Bjørnson. Høvdingen (1910), Henrik Ibsen. Liv og verker (1918) og Norsk aandsliv i hundrede aar (1915–19). Gran vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden (1905) og offiser i den franske Æreslegionen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 15.09.2016
Sist oppdatert: 16.09.2016