Hopp til innhold
X
Innhald

Goya

Goya (eigentleg Francisco José de Goya y Lucientes), 1746–1828, var spansk målar og grafikar.

Han vart kunstnarleg leiar av ein gobelinfabrikk og deretter direktør for det spanske kunstakademiet. Frå 1799 verka han som hoffmålar. Etter kvart fekk han ein dristig koloritt og ei stadig meir kritisk innstilling til motiva. Goya måla framifrå og ofte svært avslørande portrett av kongefamilie og hoffolk.

 

I måleri og raderingar gir han opprørande skildringar av lidingane til folket under den franske invasjonen i Spania 1808 og inkvisisjonen. Sanningskravet og det intense sosiale engasjementet hans påverka seinare målarar av vidt forskjellige skular, og han blir rekna til dei fremste føregangsmennene for den moderne kunsten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.04.2017
Sist oppdatert: 11.04.2017