Faktaboks

Graham Greene
Uttale
gri:n
Fødd
1904
Død
1991
Graham Greene

Graham Greene

Av /NTB Scanpix ※.
Filmplakat
Plakat frå filmen Den tredje mann, som Graham Greene skreiv manus til
Av .

Graham Greene var ein britisk forfattar med ein sterk appell til mange lesarar både i Storbritannia og internasjonalt. Han er mellom anna kjend for romanane Makten og æren (1940) og Den stillferdige amerikaner (1955) og reiseskildringa Reise uten kart (1936). Sentralt blant kvalitetane i forfattarskapen står Greenes nyanserte og ofte overtydande framstilling av presserande etiske spørsmål i ei globalisert verd prega av politiske og religiøse konfliktar.

Biografi

Greene fekk grunnutdanninga si ved Berkhamsted School i Hertfordshire i England. Han studerte ved Balliol College, Oxford, og arbeidde så som privatlærar og journalist, frå 1926 i The Times. Same året konverterte han til katolisismen, som skulle bli eit viktig perspektiv i forfattarskapen hans. Konverteringa kom truleg delvis sidan han var forelska i Vivien Daryell-Browning, som han gifte seg med året etter og fekk to barn med. Ekteskapet vart ikkje oppløyst, men dei var separerte frå 1947, og Greene hadde fleire forhold til andre kvinner.

Greenes første roman, The Man Within (1929), blei så positivt mottatt at han slutta i The Times for å bli fulltidsforfattar. Han supplerte forfattarinntektene med arbeid som freelance-journalist og skreiv mellom anna bok- og filmmeldingar i The Spectator. Han tok tidleg til å reise, helst til fjerne, fattige og ikkje ufarlege område utanfor Europa. Erfaringar frå desse reisene pregar romanfiksjonen hans, og to tidlege reiser førte dessutan til to reiseskildringar. Greene heldt fram med å reise etter andre verdskrigen, mellom anna til Vietnam og Haiti i 1954 og til Kina og Cuba i 1957.

Etter å ha blitt utsett for økonomisk svindel valde Greene å forlate Storbritannia i 1966. Han slo seg først ned i Antibes i Søraust-Frankrike og deretter i Vevy, ein liten by ved Genèvesjøen der venen Charlie Chaplin budde i 1970-åra. Greene blei tildelt den britiske Order of Merit i 1986.

Forfattarskap

Greenes forfattarskap er variert og omfattande, og det har hatt uvanleg gjennomslag både i Storbritannia og internasjonalt. Heilt frå debutromanen The Man Within (1929) har Greene også appellert til mange ulike lesarar og lesargrupper. Sjølv tok han seinare avstand frå denne romanen, som han meinte var sentimental og hadde eit usannsynleg plott.

Etter to relativt mislykka romanar i 1930 og 1931 utgav Greene i 1932 Toget til Istanbul, som er den første viktige romanen hans. Her utnyttar Greene reisa både som motiv og som strukturgrep: Ei gruppe svært ulike personar reiser med same toget frå England til Istanbul. Gjennom forviklingar og konfliktar som oppstår mellom dei, gir Greene eit tidsbilde av Europa tidleg på 1930-talet. Gjennom overtydande psykologiske personportrett og skarpe observasjonar av landa toget køyrer igjennom (ikkje minst Tyskland like før Adolf Hitlers maktovertaking i 1933), peikar Toget til Istanbul fram mot dei tre romanane som mange reknar for Greenes hovudverk.

Brighton Rock (1938)

I sentrum av Brighton Rock står den syttenårige hovudpersonen Pinkie, som er leiaren av ein valdeleg ungdomsgjeng i Brighton på den engelske sørkysten. Plottet roterer rundt maktkampen mellom gjengleiaren Pinkie og Hale, som har svike den forrige leiaren av gjengen. Pinkie drep til slutt Hale, men då vert han forfølgd av Ida, som sympatiserte med Hale. Ida vil straffe Pinkie og redde Rose, ei ung jente som Pinkie har gifta seg med.

Romanen er på eitt nivå ein thriller med groteske, samfunnskritiske element i framstillinga av spenningane og desperasjonen i gjengen Pinkie kontrollerer. Pinkie er ein tydeleg antihelt, og miljøet i Brighton eit illustrerande eksempel på «Greeneland» – eit makabert, fråstøytande og samtidig fascinerande fiktivt univers der spenningane i plottet og mellom personane skaper etiske konfliktar mellom rett og gale, og mellom godt og vondt. Utan å gjere det vonde til ein dyd, nyanserer Greene vondskap ved å skape ei form for empati med Pinkie som markerer avstand til Ida. Romanen stiller etiske spørsmål snarare enn å gi sikre svar.

Makten og æren (1940)

Etiske spørsmål stiller også Makten og æren, som er inspirert av ei reise Greene gjorde til Mexico to år tidlegare. Hovudpersonen er den kanskje mest kjende litterære personen Greene skapte, ein katolsk «whiskyprest» på flukt på styresmaktene i sosialistiske Mexico på 1930-talet. Som epigrafen frå den britiske diktaren John Dryden som opnar boka, signaliserer, er forfølging eit leiemotiv i romanen. Personen som jaktar på presten for å arrestere og kanskje drepe han, er ein politiløytnant som foraktar den katolske kyrkja mellom anna sidan han reknar den for korrupt. Det er ikkje tilfeldig at verken presten eller løytnanten har namn. Dei er anonyme, men samtidig individualiserte personar som står steilt mot kvarande samtidig som dei nesten synest å bli avhengige av kvarandre.

Prestens sterke gudstru og eit like sterkt prestekall plasserer han i eit tilsynelatande uløyseleg dilemma: Blir han verande for å tene menigheten, risikerer han å bli drepen, og flyktar han, sviktar han prestekallet sitt. Gradvis blir presten ein slags heilag martyr, men sjølv meiner han at han sviktar sidan han kjenner seg stolt og ikkje maktar å ta ansvaret for eit barn han har. Presten og løytnanten har dialektisk representative roller, samtidig som dei som romanpersonar har særeigne karaktertrekk. Gjennom ein forteljemåte som inneber bruk av paradoks og ironi, skaper Greene ein spenningsfylt roman med to anonyme hovudpersonar lesaren vanskeleg kan gløyme.

Den dypeste grunn (1948)

Kort tid etter krigen publiserte Greene ein av sine aller mest populære romanar: Den dypeste grunn blei seld i 300 000 eksemplar i Storbritannia. Medan Makten og æren er inspirert av Greenes reise til Mexico før krigen, baserer Den dypeste grunn seg på erfaringar han gjorde som britisk intelligensoffiser i Sierra Leone i Afrika i 1941.

Hovudpersonen, major Scobie, er ansvarleg for tryggleiken i ein koloni i Vest-Afrika under krigen. Han kjenner også ansvar for kona si, Louise, som vantrivst i kolonien. At dei begge er katolikkar, påverkar på ulike måtar forholdet deira og relasjonane deira til ei rekke andre personar, inkludert Helen, ei ung kvinne som Scobie forelskar seg i. Scobie viklar seg inn i ei hendingsrekke han ikkje maktar å kome seg ut av, og som har dramatiske konsekvensar både for han og andre.

Misforståingar og kommunikasjonsproblem står sentralt i romanen; dei skaper spenningar både mellom personane og mellom individet og staten, som her er ein koloni i ein pressa krigssituasjon. Spenningsfylt er også forholdet mellom Scobies handlingar, som gradvis korrumperer han, og den katolske trua hans.

Andre romanar og noveller

Etter Den dypeste grunn skreiv Greene ei rekke romanar som styrka populariteten hans og gjorde han til ein av dei mest sentrale romanforfattarane i sin generasjon. Blant dei viktigaste av desse er Slutten på leken (1951) og Den stillferdige amerikaner (1955). Her stiller han hovudpersonane utanfor den katolske kyrkja, som dei like fullt ikkje er avvisande til.

Gjennom trekantdramaet i Slutten på leken utforskar Greene variantar av sjalusi. Den stillferdige amerikaner har også tre hovudpersonar; journalisten Thomas Fowler er i tillegg førstepersonsforteljar. Gjennom Fowlers relasjonar dei til to andre hovudpersonane, ein amerikansk CIA-agent og ei ung vietnamesisk kvinne, gir Greene ei meisterleg skildring av Vietnam på det tidpunktet då det franske kolonistyret kollapsa og USA auka sitt politiske og militære engasjement. Andre romanar inkluderer Gjøglerne (1966), Konsulen (1973) og Den tiende mann (1985.) Greene skreiv også fine noveller.

Reiselitteratur og sjølvbiografiar

Reise uten kart, bokomslag
Av .

Greenes reise til Liberia i 1935 inspirerte han til Reise uten kart (1936) og den til Mexico i 1938 til The Lawless Roads (1939). Begge desse bøkene er vesentlege bidrag til reiselitteraturen i det 20. hundreåret. Samtidig som han fortel frå reisene sine, reflekterer Greene over det han ser og opplever på ein måte som avdekkjer det avgrensa vestlege perspektivet hans. I tillegg til sin betydelege eigenverdi dannar reiselitteraturen ein mellomstasjon mellom reisene og fleire av romanane han seinare skreiv. Særleg interessant er kombinasjonen av tilknytingspunkt og forskjellar mellom The Lawless Roads og Makten og æren. Reiselitteraturen Greene skreiv, knyter også an til sjølvbiografiane A Sort of Life (1971) og Ways of Escape (1980).

Filmversjonar

Greenes «visuelle» romanar har appellert til ei rekke filmregissørar og -produsentar, og mange av romanane er filmatiserte (adapterte). Fleire er adapterte fleire gongar, for eksempel Brighton Rock i 1947 og 2011 og Den stillferdige amerikaner i 1958 og 2002.

Greene skreiv også fleire originale filmskript. Det viktigaste av desse er filmskriptet til film noir-klassikaren Den tredje mann (1949), regissert av Carol Reed og med Orson Welles i hovudrolla som Harry Lime. Handlinga utspelar seg i Wien i den tidlege fasen av den kalde krigen. I tillegg til å vere ein thriller med eit spennande plott er filmen ein psykologisk studie som plasserer hovudpersonane i ein politisk spent situasjon prega av overgangen frå andre verdskrig til den kalde krigen. Filmteknisk er Den tredje mann original, særleg gjennom kamera- og perspektivvariasjonar og svart-kvitt kontrastar. Filmen utgjer eit bindeledd mellom den primært amerikanske film noir-tradisjonen og europeisk modernistisk film representert ved mellom anna den italienske regissøren Michelangelo Antonioni.

Tematikk og forteljemåte

Greene innførte sjølv eit skilje mellom «entertainments» og «novels» – altså mellom underhaldande forteljingar og meir seriøse romanar. Grunnen til at det er vanskeleg å operere med ein slik distinksjon, er at Greenes viktigaste romanar (inkludert dei som er kommenterte ovanfor) er blant dei mest «underhaldande» og lesarengasjerande han skreiv. Nyare Greene-forsking understrekar snarare den store tematiske og narrative variasjonen i heile forfattarskapen, inkludert novellene, reiselitteraturen og sjølvbiografiane.

Greenes personar, og særleg hovudpersonane, er gjerne einsame og rastlause. Dei viklar seg inn i forhold som har alvorlege konsekvensar for andre, og som utspelar seg i ein sosial og politisk kontekst prega av ustabilititet, vald og korrupsjon. Tematikken blir utforma gjennom ein forteljeteknikk som inneber utstrakt bruk av paradoks og ironi. Paradoksa inkluderer ideen om syndaren som gjennom det Greene kalla «det frykteleg merkelege i Guds nåde» blir gjort heilag, og ideen om lojalitet som medfører svik. Ironien treffer ofte personar og institusjonar som på ulike måtar misbrukar makta dei har, med negative konsekvensar for dei fattige og svake i samfunnet.

Slik vidarefører Greene ei linje i britisk romankunst som går tilbake til Jane Austen (1775–1817). Forfattaren som inspirerte han sterkast, og som viktige aspekt av både tematikk og forteljemåte kan knytast til, er Joseph Conrad (1857–1924).

Omsetjingar til norsk

  • Stamboul Train (1932). Toget til Istanbul. Omsett av Kari Risvik. Oslo: Cappelen, 1976.
  • Brighton Rock: A Novel (1938). Brighton Rock, omsett av Gunnar Magnus. Oslo: Gyldendal, 1960.
  • A Gun for Sale (1936). Revolver til salgs, omsett av Nils Lie. Oslo: Gyldendal, 1952.
  • Journey without Maps (1936). Reise uten kart. Omsett av Gunnar Magnus. Oslo: Gyldendal, 1958.
  • The Power and the Glory (1940). Makten og æren, omsett av Gunnar Magnus. Oslo: Gyldendal, 1950 o.s.
  • The Heart of the Matter (1948). Den dypeste grunn, omsett av Gunnar Magnus. Oslo: Gyldendal, 1949 o.s.
  • The Third Man (1950). Den tredje mann, omsett av Gunnar Magnus. Oslo: Gyldendal, 1950.
  • The End of the Affair (1951). Slutten på leken, omsett av Gunnar Magnus. Oslo: Gyldendal, 1951.
  • The Quiet American (1955). Den stillferdige amerikaner, omsett av Gunnar Magnus. Oslo: Cappelen, 1956 o.s.
  • Our Man in Havana (1958). Vår mann i Havana (lydbok), omsett av Peter Magnus og med Anders Ribu som opplesar. Oslo: Cappelen Damm, 2015.
  • A Burnt-Out Case (1960). Utbrent, omsett av Peter Magnus. Oslo, Gyldendal 1960.
  • The Comedians (1966). Gjøglerne, omsett av Lotte Holmboe. Oslo: Cappelen, 198
  • Travels with my Aunt (1969). Tante Augusta, omsett av Trygve Greiff. Oslo: Cappelen, 1970.
  • The Honorary Consul (1973). Konsulen, omsett av Lotte Holmboe. Oslo: Cappelen, 1973.
  • The Human Factor (1978). Den menneskelige faktor, omsett av Ebba Haslund. Oslo: Cappelen Damm, 2010.
  • The Tenth Man (1985). Den tiende mann, omsett av Aase Gjerdrum. Oslo: Cappelen, 1985.
  • Dr. Fischer of Geneva or the Bomb Party (1980). Dr. Fischer i Genève eller bombeselskapet, omsett av Aase Gjerdrum. Oslo: Cappelen, 1989.
  • Monsignor Quixote (1990). Monsignor Quijote (lydbok), omsett/bearbeidd av Frank Tangen og med Frank Hansen som opplesar. Askim: Lydbiblioteket, 1990.

Litteratur

  • Alexander, Michael. A History of English Literature. 3. utg. London: Palgrave, 2013.
  • Barrett, Dorothea. «Graham Greene». I The Cambridge Companion to English Novelists, red. Adrian Poole. Cambridge: Cambridge University Press, 2009, s. 423–437.
  • DeVitis, A.A.: Graham Greene, rev. ed., 1986
  • Hynes, Samuel (red.). Graham Greene: A Collection of Critical Essays. New York: Prentice-Hall, 1973.
  • Marcus, Laura og Peter Nichols (red.). The Cambridge History of Twentieth-Century English Literature. Cambridge: Cambridge University Press, 2012.
  • Lodge, David. Graham Greene. New York: Columbia University Press, 1966.
  • Lothe, Jakob. «Forfølging som leiemotiv i Graham Greenes The Power and the Glory». Kirke og Kultur 84: 10 (1979), s. 623–28.
  • Shelden, Michael. Graham Greene: The Man Within. London: Heinemann, 1994.
  • Sherry, Norman. The Life of Graham Greene. 3 bind. London: Jonathan Cape, 1989, 1994, 2004.
  • Skei, Hans H. og Bjørn Tysdahl. Graham Greene. Oslo: De norske bokklubbene, 2002.
  • Smith, Grahame. The Achievement of Graham Greene. London: Barnes & Noble, 1986.
  • Watts, Cedric. A Preface to Greene. London: Longman, 1997.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg