Hopp til innhold
X
Innhald

Gregor

Gregor er namnet på 16 pavar og to motpavar. Gregor den 1., som òg vart kalla den store, 590–604, var ein framståande organisator og administrator. Han la grunnlaget for pavedømet i mellomalderen og fekk som teolog mykje å seie gjennom læra si om bota, om oppattakinga av Kristi offer i messa, om helgenane, skjærselden og sjelemessene. Gregor den 1. vert rekna for å vere ein av dei fire store kyrkjelærarane, doctor ecclesiae, i vesten. Minnedagen for han er 12. mars.
Gregor den 7., 1073–85, kjempa for at kyrkja skulle bli uavhengig og at den åndelege makta stod høgare enn den verdslege. Han fekk gjennomført at paven skulle veljast av kardinalane, skjerpa inn sølibatet og forbaud lekmannsinvestitur i 1075. Dette førte til ein konflikt med keisar Henrik den 4. som vart bannlyst og måtte gå til Canossa og gjere bot, den såkalla investiturstriden.
Gregor den 13., 1572–85, var ein av leiarane for motreformasjonen. Han innførte den gregorianske kalenderen i 1582.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.08.2012
Sist oppdatert: 29.08.2012