Hopp til innhold
X
Innhald

Guarino Guarini

Guarino Guarini, 1624–83, var italiensk arkitekt, matematikar og prest.

Guarini skapte dristig, dynamisk barokkarkitektur med kyrkja San Lorenzo (1668–87) og Palazzo Carignano (ferdig ca. 1680), begge i Torino. Han var påverka av sørtysk barokk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 05.10.2016