Hopp til innhold
Gunnar Gunnarsson. Ukjend fotograf. CC BY SA 3.0.
Gunnar Gunnarsson. Ukjend fotograf. CC BY SA 3.0.
X
Innhald

Gunnar Gunnarsson

Gunnar Gunnarsson var ein islandsk forfattar, som var busett i Danmark frå 1907 til 1939. Han skreiv på dansk og islandsk.

Gunnar Gunnarsson, 1889–1975, var ein islandsk forfattar, som var busett i Danmark frå 1907 til 1939. Han skreiv på både islandsk og dansk og omsette sjølv mange av dei danskspråklege verka sine til islandsk. Gjennombrotet kom med Borgslægtens historie (1912–14). Hovudverka hans var Kirken paa bjerget, i fem band (1924–28) og Svartfugl (1929), men han skreiv òg noveller, skodespel og dikt. Gunnarsson omsette Olav Duuns Medmenneske til dansk i 1930.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.05.2016
Sist oppdatert: 20.05.2016