Hopp til innhold
X
Innhald

Håvard Gibøen

Håvard Knutson Gibøen, spelemann og gardbrukar frå Telemark, den sentrale figuren i ei av dei viktigaste tradisjonslinene i norsk folkemusikk.

Håvard Knutson Gibøen var fødd 12. mars 1809 på garden Gibøen på Møsstrond i Vest-Telemark og døydde same staden i 1873. Han tok over garden Gibøen då han blei foreldrelaus som 24-åring i 1843, same året som han gifta seg med Mari Eikja frå Bø.
 
Både faren, Knut Håvardson, og farfaren, Håvard Toreson, spela fele, og skal saman med farmora Barbro tidleg ha kveikt interessa for felespel hos Håvard Gibøen. Mora Åsne Gjuvland var derimot djupt religiøs og likte lite at sonen tok til med felespel. Også ho skal likevel ha vore musikalsk og ha hatt ei god songrøyst. Den sentrale læremeisteren hans blei Knut Lurås (1782–1843) frå Tinn. Andre spelemenn han lærte av, var Jon Kjos (Kvammen, 1754–1826) og Øystein Langedrag (1785–1848). Han bytte slåttestoff med samtidige spelemenn som Tor Sagafoss (1825–1873) og Torgeir Augundsson (Myllarguten, 1799–1872).
 
Den tragiske livssoga
Sjølv om lite av livet hans er kjent, har biografiske framstillingar av Håvard Gibøen ofte ein tragisk karakter. Han var blitt ulukkeleg gift gjennom eit tvangsekteskap sett i stand av foreldra og ville sjølv helst ha gifta seg med ei anna jente. Det kom også til å gå dårleg med gardsdrifta, fordi begge ektefellane ofte neglisjerte det daglege gardsstellet. Gibøen prioriterte spelemannslivet, som heller ikkje gav den store avkastninga. Vidare hadde han dårleg helse – han hadde fått den såkalla ratesjuka, som gjorde at nasen rotna vekk i ung alder. Det finst ikkje fotografi av han, fordi han på grunn av dette lytet ikkje ville la seg fotografere. Han hadde også periodar med alkoholmisbruk. På eit tidspunkt måtte han selje garden, og familien levde til tider eit omflakkande liv med ulike stader i Telemark som mellombelse heimar, men han kom tilbake til Møsstrond i dei siste leveåra sine. Mange har meint å kunne høyre gjenklang av denne livshistoria i den ofte innettervende og poetiske musikken hans.
 
Slåttar etter Gibøen
Mange har framheva at slåttestoffet etter Gibøen er kjenneteikna av uvanleg raffinert klang, ornamentikk og tonalitet. Til dømes har Per Anders Buen Garnås argumentert for at felespelarar i Gibø-tradisjonen har hatt ei særskilt evne til å «fargeleggje», altså til å variere klangen gjennom å utnytte skilnadene som oppstår når ein vekslar mellom opne strenger og fingerspel. Han framhevar òg dei rytmiske og dynamiske effektane desse spelemennene har disponert over ved hjelp av avanserte bogeteknikkar.
 
I ein artikkel frå 1972 innfører komponisten og forskaren Eivind Groven eit skilje mellom «Håvardspel» og «Myllarspel», der den førstnemnde, Gibø-tradisjonen, er kjenneteikna av naturtonalitet, medan slåttestoffet etter Myllarguten hovudsakleg er durspel. Gibø-tradisjonen fører Groven tilbake til det «gamle tinnspelet», ein eldre tradisjon frå Aust-Telemark som har opphav i spelemannen Brynjulv Olsson på 1700-talet. Skilnadene mellom desse to linene kan særleg observerast i tilfelle der det finst myllarslåttar i form etter Gibøen, til dømes «Fossegrimen».
 
Gibø-spelet blei ført vidare framfor alt av læreguten Knut Dahle frå Tinn, spelemannen som var kjelda til Griegs Slåtter, og av sonen Kjetil Haavardsson (1842–1919). Naturtonalitet kan framleis høyrast hos ein nyare representant for tinnspelet, Olav Øyaland frå Tinn (fødd 1922). Slåttestoff etter Gibøen er spela inn på plater, til dømes Håvards draum ved Knut og Hauk Buen (1992), Gibøspel ved Trygve Vågen (1993) og Håvardspel (2009), der det er samla opptak av ti sentrale spelemenn frå det 20. hundreåret. Det finst ei rekkje slåttar som ber namn etter Gibøen, mellom anna «Håvardsdraumen», «Håvards sorg» og «Håvard Gibøens bruremarsj». Fiolinisten Christian Sukow skreiv ned ei rekkje slåttar etter Gibøen i 1840-åra og framførte dei ofte på konsert.
  
Kjelder
Bjørn Aksdal: «Haavard Gibøen», Norsk biografisk leksikon, bd. nr. 3. Oslo 2001 
Årbok for norsk folkemusikk 2009 (inneheld ein serie artiklar om Gibøen, mellom anna ei kommentert oppattprenting av Eivind Grovens «Myllarspel og Håvardspel», og ein omfattande studie av Per Anders Buen Garnås)

Først publisert: 21.02.2011
Sist oppdatert: 30.04.2013