Hopp til innhold
X
Innhald

Hector Guimard

Hector Guimard, 1867–1942, var fransk arkitekt og leiande innanfor art nouveau i Frankrike.

Guimard innførte stilarten i Paris, etter eit besøk hos Victor Horta i Brussel i 1894. Det mest berømte arbeidet hans er den dekorative utforminga av undergrunnsstasjonane i Paris i støypejern (1898–1901). Dessutan stod han bak mellom anna Castel Béranger (1894–98), som er den første bygningen i art nouveau utanfor Belgia.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 05.10.2016