Hopp til innhold
X
Innhald

Henryk Mikolay Gorecki

Henryk Mikolay Gorecki, 1933–2012, var polsk komponist. Gorecki var ein representant for den radikale polske klangskulen saman med mellom andre Penderecki rundt 1960. I løpet av 1960-åra dreia stilen over til å bli mindre dissonerande, ofte med utgangspunkt i polsk middelaldermusikk.
 
Gorecki komponerte fleire religiøse korverk i tillegg til tre symfoniar, ein cembalokonsert, to strykekvartettar og annan kammermusikk. Ei innspeling av den tredje symfonien hans (1976) låg på dei engelske topplistene hausten 1993.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 29.04.2014