Faktaboks

Himanshu Gulati
Fødd
16. juni 1988, Førde, Sogn og Fjordane
Himanshu Gulati
Stortinget.

Himanshu Gulati er ein norsk politikar for Framstegspartiet (Frp), som har representert AkershusStortinget sidan 2017. Han var formann i Framstegspartiets Ungdom (FpU) frå 2012 til 2014 og statssekretær i regjeringa Solberg frå 2013 til 2017.

Bakgrunn

Himanshu Gulati er fødd i Førde (no Sunnfjord) i Sogn og Fjordane (no Vestland) og voks opp i Høyanger i Sogn og Fjordane og Lillestrøm i Akershus. Han tok vidaregåande skule i 2004–2007, valde å avslutte medisinstudiet ved Universitetet i Oslo første året og reiste til Mumbai i India for å studere filmskaping. Han tok ein bachelorgrad i økonomi og leiing ved Handelshøyskolen BI i 2008–2010. Gulati har norsk-indisk bakgrunn.

Politisk karriere

I 2008–2010 var Gulati internasjonal leiar i FpU og formann i Akershus FpU. Han var nestleiar i FpU i 2010–2012 og leiar i FpU i 2012–2014. Gulati var styremedlem i Skedsmo og Oslo Framstegsparti og kommunestyrerepresentant for Framstegspartiet i Skedsmo kommune frå 2007 til 2019.

I 2010–2012 var han byrådssekretær for helse- og eldreomsorg i Oslo og arbeidde som politisk rådgivar for Framstegspartiet si gruppe på Stortinget. Gulati var vararepresentant til Stortinget frå Akershus i 2009–2017. Han er sidan 2017 stortingsrepresentant frå Akershus. Han var medlem av justiskomiteen i 2017–2020, av familie- og kulturkomiteen i 2020–2021 og er sidan 2021 medlem av utdannings- og forskingskomiteen.

Gulati var statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet i 2013–2014, ved Statsministerens kontor i 2014–2017 og ved Kulturdepartementet i 2016–2017. Politisk arbeider han mellom anna for strengare innvandringspolitikk og lågare skattar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg