Hopp til innhold
Foto: Helland
Foto: Helland
X
Innhald

Hulda Garborg

Hulda Garborg, forfattar og kulturentrepenør og folkeopplysar. Hulda Garborg var med på å grunnleggja Det Norske Teatret i 1912 og var den første styreleiaren der. Ho skreiv vel 40 større og mindre bøker, var dramatikar og sceneinstruktør og gjorde stor kulturhistorisk innsats for å gjenopplive folkevisedansen og bunadtradisjonen i Noreg.

 

Bokframsidene er nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket. Fotoet av Arne, Hulda og sonen (boks merka 1887) er teke av Ola Andreas Stang Geelmuyden i 1890 (kjelde: Oslo Museum på oslobilder.no CC BY-SA 3.0) og fotoet av «Rationelt Fjøsstell» (boks merka 1896) er teke av L. Szacinski i 1897 (kjelde: Oslo Museum på oslobilder.no CC BY-SA 3.0).

Karen Hulda Bergersen var fødd 22. februar 1862 på Stange i Hedmark og døydde 5. november 1934 i Asker. Ho voks opp saman med mor si i fattige kår, først på Hamar og deretter i Kristiania. Ho hadde inga formell utdanning etter folkeskulen og arbeidde i ungdommen som butikkjente i manufakturforretninga til Brødrene Dobloug i Kristiania.

Hulda var gift med Arne Garborg. Dei gifta seg i 1887 og budde først på Kolbotn i Tynset i Østerdalen. Dei flytta til Labråten i Asker i 1897, der Garborg-paret var sentrum i den såkalla Askerkretsen av kunstnarar og forfattarar.
 
Allsidig forfattar
Hulda Garborg var ein rikt og allsidig utrusta person med stor intellektuell kapasitet og arbeidskraft. Ho debuterte som romanforfattar med Et frit Forhold i 1892 og som dramatikar med Mødre i 1895. Deretter gav ho ut bøker og skrift nesten årleg, romanar, skodespel, dikt, debattbøker og folkeopplysningsskrift og sjølvbiografiske bøker.
 
Ho skreiv i dagboka si 1915 at ho hadde så mange emne å skrive om at ho kunne halde auksjon over dei. «Hulda holder paa med at male Borde og Vægger, sy Skindfælder sampt skrive Tragedier,» skreiv mannen, Arne Garborg, i eit brev.
 
Ho hadde mange lesarar i samtida, og bøkene hennar vekte oppsikt og diskusjon. Kvinden skabt af Manden. Studie af en Kvinde, som ho gav ut anonymt i 1904, vart trykt i ti opplag og omsett til svensk og tysk. 
 
Hulda Garborg var ein produktiv og populær dramatikar. Ho skreiv større drama og mindre farsar og lystspel. Den vesle komedien Rationelt Fjøsstell, 1896, vart trykt i åtte opplag.
Opninga av "Rationelt Fjøsstell"

Anne: Gjeng du fraa Gryta, Gjente?
Inger (med hendene ivrig): Vil du høyre? 20 % av Næringsverdien gjeng burt i Eimen, er det'kje for gale! For Vannstell og Sløseri! 
Anne: Meiner Tausi er reint på Stell! Si no'kje Myssmøre for meg!Inger: Tjuge Procent!
Anne: Kva er du vallar i?
Inger: Eg seier, at dette Myssmøre er ein upraktisk og øydsam Mat, med det lange Koke. Veit du, at 20 % gjeng burt i Eimen berre.
Anne: Prosent meg framme og Prosent meg bak; fysj! er det ikkje slik ei ram Svi-lukt at ein mest kan kovna.

Frå "Rationelt Fjøsstell" (1896) av Hulda Garborg.
 
Radikalar og bohem
Hulda Bergersen vanka i det radikale miljøet i hovudstaden på 1880-talet, gjekk på politiske møte i Christiania Arbeidersamfund og på landsmålsskule hos Ivar Mortensson. Ho var venstrepolitikar, republikanar og målmenneske. Ho skreiv dei fleste bøkene på riksmål, ofte med dialektinnslag, men diktsamlinga Kormoe (1930) og den sjølvbiografiske Barndomsminne (posthumt i 1935) er på nynorsk.
 
Med naturalistiske bøker frå Kristiania i åttiåra var Hulda Garborg ein kvinneleg bohemforfattar. Ho undersøkte og kritiserte frigjeringsideane frå mannslitteraturen i tida ut frå kvinners økonomiske og sosiale forhold.
 
Folkeopplysaren
Å gjenreise kulturen på dei norske bygdene var eit mål for Hulda Garborg. I heftet Norsk klædebunad, 1903, gjenopplivar ho dei gamle festbunadene og gir råd om sying og stell. Ho studerte folkevisene og songdansen på Færøyane og gav ut bøker om song- og danseviser i Noreg. Ho var sjølv danseinstruktur, drog på turnear og spreidde kunnskap om folkedansen. Som pioner for nynorsk teater etablerte ho i 1910 amatørgruppa Det Norske Spellaget, som var forløparen til Det Norske Teatret.
 
Hulda Garborg skreiv artiklar i aviser og blad. I landsmålsavisa Den 17de mai, som ho også heldt liv i økonomisk utover i 1920-åra, hadde ho ei spalte om husstell og matlaging som seinare kom i bokform, Heimstell, 1899. Matstell paa Landsbygdi, 1907, er den første kokeboka på norsk mål. Hulda reiste mykje i Europa og USA og arbeidde for ein matkultur som kombinerte det heimslege med det internasjonale.
 
Samliv og sivilisasjonskritikk
Tema som kjærleik og samlivsformer, kvinnepsyke og frigjering er under utforsking i bøkene hennar. I fire bygderomanar frå Hedmark (1920–1925) gav ho hovudpersonen mange trekk frå sitt eige liv og plasserte henne i samtida mellom arbeidarrørsle, folkehøgskulerørsle og opplysningsfilosofi.
 
Hulda Garborg skreiv ei eiga bok om Rousseau, Rousseau og hans Tanker i Nutiden, 1909, der ho slutta seg til hans syn på pedagogikk, politikk og frigjeringsspørsmål. Ho kritiserte den moderne industrialiserte bysivilisasjonen og priste natur, tradisjon og livsformer på landsbygda. 
 
Utvalde kjelder
Berit Anderson: Hulda og heimen. Heimstell og nasjonsbygging hos Hulda og Arne Garborg. Oslo 2001
Tor Obrestad: Hulda. Oslo 1991
 
Peikarar
Hulda Garborg sine dagbøker og brev i NBdigital
 
Vidare lesing
Anderson, Berit: Hulda og heimen : heimstell og nasjonsbygging hos H. og Arne Garborg, 2001
Dale, Johs A.: Hulda Garborg, 1961
NBL 2. utg.
Obrestad, Tor: Hulda : ein biografi, 2. utg., 2001
Skre, Arnhild: Hulda Garborg : nasjonal strateg, 2011

Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 14.11.2018