Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Ingebjørg Godskesen

Ingebjørg Amanda Godskesen, regionssekretær i Framstegspartiet og stortingsrepresentant for partiet frå Aust-Agder sidan 2009.

Ingebjørg Godskesen er fødd 26. mai 1957 i Kristiansand og er no busett i Arendal. Ho gjekk på Kristiansand Handelsgymnasium og Handelsskole i 1974–77 og fekk handelsbrev i 1977, tok EDB-programmering ved Agder distriktshøgskole i 1978–79 og husflidsskulen i Kristiansand i 1979–80.
Godskesen arbeidde i ingeniørvesenet i Kristiansand i 1977–78, i administrasjonen i NSB i Kristiansand i 1978–82,ved kontrollkontoret til NSB i Oslo i 1982–87, starta firmaet ABC-Text Økonomi i 1986 og var salskonsulent for Dagligvareservice i 1995–2003. Ho var regionssekretær i Aust- og Vest-Agder Framstegsparti i 2003–09 og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Aust-Agder frå 2009.
Godskesen var nestleiar i Arendal Framstegsparti i 2001–02 og leiar 2002–04, studieleiar i Aust-Agder Framstegsparti i 2001–03 og medlem i studieforbundet til Framstegspartiet i 2002–03. Ho var medlem av Arendal bystyre i 2003–07 og sat i formannskapet i 2007–09, før ho blei stortingsrepresentant frå Aust-Agder i 2009. Som stortingsrepresentant arbeider ho for betre eldreomsorg, vegutbygging og for at grensekommunane i Aust-Agder ikkje skal byte fylke.
Ho var meddommar i tingretten i Arendal i 2003–07, medlem av driftsutvalet i Arendal i 2003–07, medlem av planutvalet i 2007–09 og medlem av styret for Kommunenes Sentralforbund i Aust- og Vest-Agder i 2007–09.
Kjelder
Ingebjørg Godskesen, Representanter og komiteer, stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=IAG [lesedato 2.3.2012]
Peikarar
«Kvinnekamp i Frp», nrk.no

Først publisert: 23.05.2013
Sist oppdatert: 23.05.2013