Faktaboks

Ingemund Gullvåg
Ingemund Olav Gullvåg
Fødd
14. januar 1925, Bergen, Vestland
Død
16. februar 1998, Trondheim, Trøndelag

Ingemund Gullvåg var ein norsk filosof. Han var den første professoren i filosofi ved Universitetet i Trondheim (no NTNU).

Bakgrunn

Ingemund Olav Gullvåg var fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland) og døydde i Trondheim i Sør-Trøndelag (no Trøndelag). Han var son av forfattaren og journalisten Olav Gullvåg. Etter examen artium i 1944 vart han teken opp ved den norske sjøkrigsskulen i Skottland og tenestegjorde på jagaren «Stord» i Nordishavet.

Språkfilosofi

Hausten 1945 byrja han å studere filosofi under Arne Næss ved Universitetet i Oslo. Han tok magistergraden i filosofi i 1951, med psykologi og sosiologi som støttefag, og doktorgraden i 1969 med avhandlinga Referanse, mening og eksistens. Gullvåg var dosent ved Noregs Lærarhøgskule, Universitet i Trondheim (no NTNU), frå 1962 og professor frå 1971.

Som forskar femnde han breitt, frå samfunnsvitskap til språkfilosofi, metafysikk og kunnskapsteori. Han skreiv om vidt ulike filosofar: Peirce, Carnap, Husserl og Wittgenstein. Eit nøkkeltema var forståing og meining. Gullvåg arbeidde særleg med erkjenningsteori, og gav blant anna ut Rudolf Carnap (1968) og Charles Sanders Peirce. Utvalg og innledning (1972)

Seinare arbeidde han særleg med teorien om «språkhandlingars» logikk og pragmatikk – logiske og erkjenningsteoretiske strukturar som gjeld for hevding, nekting og andre handlingar som inngår i språkleg kommunikasjon, til dømes i The Logic of Assertion (Theoria 1978).

I unge år, 1946–1947, var han redaktør for Nynorsk Vekeblad. I 1947 gav han ut Segner frå det gamle Hellas. Han skreiv sjølv dikt på nynorsk, men publiserte dei aldri.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ingemund Gullvåg: Forståelse og virkelighet. Oslo 1991
  • Ingemund Gullvåg (red.): Charles Sanders Peirce. Oslo 1972
  • Ingemund Gullvåg: «Språk og normar: eit filosofisk synspunkt». I Helge Sandøy ofl. (red.): Språkideologi og språkplanlegging i Noreg. Nordisk institutt, Bergen 1991
  • Helge Høibråten og Sverre Sløgedal (red.): Festskrift til Ingemund Gullvåg. Oslo 1994

Faktaboks

Ingemund Gullvåg
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000003017347

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg