Hopp til innhold
X
Innhald

Ingemund Gullvåg

Ingemund Olav Gullvåg, filosof. Han var den første professoren i filosofi ved Universitetet i Trondheim.

Ingemund Gullvåg var fødd i Bergen 14. januar 1925 og døydde i Trondheim 16. februar 1998. Etter examen artium i 1944 vart han teken opp ved den norske sjøkrigsskulen i Skottland og tenestegjorde på jagaren «Stord» i Nordishavet.
Hausten 1945 byrja han å studere filosofi under Arne Næss ved Universitetet i Oslo. Han tok magistergraden i filosofi i 1951, med psykologi og sosiologi som støttefag, og doktorgraden i 1969 med avhandlinga Referanse, mening og eksistens. Gullvåg var dosent ved Noregs Lærarhøgskule, Universitet i Trondheim, frå 1962 og professor frå 1971.
Som forskar femnde han breitt, frå samfunnsvitskap til språkfilosofi, metafysikk og kunnskapsteori. Han skreiv om vidt ulike filosofar: Peirce, Carnap, Husserl og Wittgenstein. Eit nøkkeltema var forståing og meining.
I unge år, 1946–47, var han redaktør for Nynorsk Vekeblad. I 1947 gav han ut Segner frå det gamle Hellas. Han var son til forfattaren og journalisten Olav Gullvåg, og han skreiv sjølv dikt på nynorsk, men publiserte dei aldri.
Kjelder
Inga Bostad (red.): Filosofi på norsk I. Oslo 1995
Inga Bostad (red.): Filosofi på norsk II. Oslo 1997
Ingemund Gullvåg: Forståelse og virkelighet. Oslo 1991
Ingemund Gullvåg (red.): Charles Sanders Peirce. Oslo 1972
Ingemund Gullvåg: «Språk og normar: eit filosofisk synspunkt». I Helge Sandøy ofl. (red.): Språkideologi og språkplanlegging i Noreg. Nordisk institutt, Bergen 1991
Helge Høibråten og Sverre Sløgedal (red.): Festskrift til Ingemund Gullvåg. Oslo 1994
Sverre Sløgedal: «Ingemund Gullvåg», minneord, Adresseavisen 23.2.1998
Knut Erik Tranøy og Dagfinn Føllesdal: «Ingemund Gullvåg», minneord, Aftenposten 2.3.1998
Knut Erik Tranøy: «Minnetale over professor Ingemund Gullvåg», Årbok 1998. Det Norske Videnskaps-Akademi 2002
Audun Øfsti: «Ingemund Olav Gullvåg til minne». Universitetsavisa nr. 4, 1998
Peikarar

Først publisert: 22.11.2011
Sist oppdatert: 29.04.2013