Hopp til innhold
X
Innhald

Jan Garbarek

Jan Garbarek, fødd 1947, er jazzmusikar, saksofonist, fløytist og komponist. Garbarek har oppnådd stor internasjonal merksemd og blir i dag rekna som ein av dei leiande saksofonistane og stilskaparane i verda, med tenor- og sopransaksofon som hovudinstrument. Han har komponert det meste av musikken til platene sine, forutan musikk til ei rekkje konsertar, fjernsyn, radio, teater og film.
Frå 1980-åra vart Garbarek stadig meir interessert i etnisk musikk. Etter kvart kom til dømes Ragas and Sagas (1992) med mellom andre Nusrat Fateh Ali Khan og Deepika Thathaal og Twelve Moons (1993) med Agnes Buen Garnås og Mari Boine, og Rites (1998) med Sølvguttene. Garbarek har også vore på verdsturné og spela inn plater med The Hilliard Ensemble.
 
I 2004 fekk han Norsk kulturråds ærespris.
 
Sjå og høyr Jan Garbarek med Molde canticle
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2013
Sist oppdatert: 06.11.2013