Hopp til innhold
Jan Olav Gatland. Foto: Samlaget.
Jan Olav Gatland. Foto: Samlaget.
X
Innhald

Jan Olav Gatland

Jan Olav Gatland, bibliotekar, litteraturformidlar og sakprosaforfattar som har skrive biografiar om nynorskforfattarane Åsmund Sveen, Torvald Tu og Olav Dalgard.

Jan Olav Gatland er fødd 14. mars 1949 på Osterøy i Hordaland og bur i Bergen. Han tok examen artium ved Tanks gymnas i Bergen i 1969 og hovudfag i fransk ved Universitetet i Bergen i 1977. Hovudfagsoppgåva handla om teaterteoretikaren Antonin Artaud. Gatland tok bibliotekarutdanning i Bergen i 1984–85.

Han har arbeidd som lektor i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen i Bergen, Årdal og Tromsø (1978–84, 1992–93), han har vore universitetsbibliotekar i Tromsø (1984–86), saksbehandlar i Statens bibliotektilsyn i Oslo (1987–92) og universitetsbibliotekar i Bergen frå 1993. Sidan 2001 har han vore førstebibliotekar. Elles har Gatland arbeidd som bokmeldar i Nordlys (1983–86), kulturredaktør i avisa Fritt Fram (1987–90) og har vore redaktør av tidsskriftet Bok og Bibliotek (1991–92).

Gatland har gitt ut ei rekkje bøker og artiklar som forfattar, redaktør og omsetjar. Det er først og fremst som biograf han har nådd eit stort publikum. Personane han skriv om, er ofte nynorskforfattarar som er gløymde i litteraturhistoria. I biografiane Det andre mennesket. Eit portrett av Åsmund Sveen (2003) og Torvald Tu. Eit diktarliv (2008) presenterer Gatland nylesingar der han mellom anna legg vekt på homoerotiske tema i litteraturen. Jan Olav Gatland har òg skrive biografiar om Rolv Thesen (2006), Ola Raknes (2010) og Olav Dalgard (2013).

Kjelder

E-post frå Jan Olav Gatland 30.3.2014

Jan Olav Gatland i Bibsys, bibsys.no: http://bibsys-primo.hosted.exlibrisgroup.com/primo_library/libweb/action/dlSearch.do?vid=UBB&afterPDS=true&institution=UBB&search_scope=default_scope&lang=nor&prefLang=no_NO&query=any,contains,Jan+Olav+Gatland [lesedato 13.4.2014]

Jan Olav Gatland, forfattarside hos samlaget.no: http://www.samlaget.no/nn-no/forfattarar/g/jan-olav--gatland.aspx [lesedato 31.3.2014]

Peikarar

Hilde Kristin Strand: «Fersk bok om ein frikar», pahoyden.no

Først publisert: 16.11.2015
Sist oppdatert: 11.04.2018