Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Graff

Jens Graff, fødd 1942, er dansar. Han har vore solist ved ballettar i Tyskland, Frankrike, Sverige og Noreg. Dei mest kjende rollene i Noreg er mellom andre Munch (Mot solen), prinsen i Nøtteknekkeren og tittelrolla i Petrusjka.
 
Graff var ballettsjef ved Den Norske Opera i 1980–83 og kunstnarisk leiar i Carte Blanche frå 1995 til 1997. Dessutan var han professor ved Danshögskolan i Stockholm frå 2003 til 2007. I dag er han pedagog i Stockholm.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.10.2013
Sist oppdatert: 17.10.2013