Hopp til innhold
Jo Gjende, 1902. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0
Jo Gjende, 1902. Ukjend fotograf. Kjelde: Oslo Museum CC BY SA 4.0
X
Innhald

Jo Gjende

Jo Gjende var kjend storskyttar og fjellkar i Jotunheimen.

Jo Gjende (eigentleg Jo Tjøstolvssøn Kleppe), 1794–1884, fødd i Vågå, var kjend storskyttar og fjellkar i Jotunheimen.


Forteljingar om Jo Gjende seier han skaut 600 rein og 5 bjørnar. Omkring 1840 bygde han ei bu ved Gjendeosen, og der budde han i fleire år. Bua står framleis. Bygdefolket gav han namnet Jo Gjende. Gjende var fjellkar og jeger i Jotunheimen då Henrik Ibsen passerte Vågå og Lom i 1862. Historikarar har spekulert i om Jo Gjende var ein modell for "Peer Gynt". Den første gravsteinen etter Jo Gjende er tapt, men Den Norske Turistforening har sett opp ein ny minnestein ved Eidsbugarden, med eit dikt av Aasmund Olavson Vinje:

"Eg er som du vel veit,
ein fjellets mann,
og derfor dreg til fjells
so tidt eg kann".






 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.02.2016
Sist oppdatert: 03.02.2016