Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Fredrik Grøgaard

Johan Fredrik Grøgaard, fødd 1934, er forfattar og omsetjar. Romandebuten kom med Dyvekes grav (1967), som han fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for, og i 2010 gav han ut romanen Kong Rad.
 
Grøgaard har gitt ut diktsamlingane Elefantspråket (1971) og Mannen som ikke kunne kose seg (1972) og kriminalromanane Kattens lek (1975), under psevdonymet Johs Ferdinand Grande, og Skorpionens brodd (1976). I 1980 gav han ut novellesamlinga Ser deg på TV. Grøgaard har dessutan skrive ungdomsbøkene om "Jeg, Wilhelm... " i perioden 1981–83. Han har òg skrive essay og portrettboka Jan Erik Vold – et portrett (1989).
 
Grøgaard fekk Kritikerprisen i 1983. I 1992 fekk han Bastianprisen for omsetjinga av Fritz Berliners Drømmestedet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 20.11.2014