Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Galtung

Johan Vincent Galtung, fredsforskar. Han var med og grunnla og utvikla den internasjonale fredsforskinga i det 20. hundreåret.

Johan Galtung er fødd i Oslo 24. oktober 1930. Han tok realartium i 1948, engelskartium i 1949, vart cand.real. ved Universitetet i Oslo i 1956 og tok året etter magistergraden i sosiologi på ei avhandling om fengselssamfunnet.
Etter magistergraden var Galtung lærar i tre år ved Columbia University i New York. I 1959 grunnla han det som i 1964 vart Institutt for fredsforsking (PRIO) i Oslo, og var forskingsleiar og direktør der fram til 1970. Galtung stifta i 1964 tidsskriftet Journal of Peace Research, utgitt ved PRIO. Instituttet og tidsskriftet har spela ei viktig rolle i utviklinga av internasjonal fredsforsking.
I åra 1969–77 var Galtung professor i konflikt- og fredsforsking ved Universitetet i Oslo. Sidan  1977 har han budd utanlands og har hatt fleire professorat, mellom anna ved Freie Universität Berlin, Princeton University i USA og University of Hawaii. Han var generaldirektør for Inter-University Centre, Dubrovnik, i åra 1973–77 og prosjektkoordinator for utviklingsforsking ved  FN-universitetet i Genève i 1977–81. I 1993 grunnlag han Transcend, eit nettverk for fred og utvikling, som seinare har vore sentralt i arbeidet hans.
Galtung har vore ein svært produktiv forfattar og førelesar. Mellom dei tidlege bøkene hans er Gandhis politiske etikk (1955, saman med Arne Næss), Forsvar uten militærvesen (1959), Fredsforskning (1967) og Fred, vold, imperialisme (1974). Seinare har det kome ut over 100 større og mindre bøker om vidt ulike emne. I 2000 gav han ut sjølvbiografien Johan uten land, som gav han Brageprisen det året. Han er omsett til over 30 språk og har delteke mykje i offentleg debatt, gjerne med kontroversielle og stundom provoserande synspunkt.                              
Galtung utvikla tidleg grunnleggjande omgrep og teoriar for tenking om fred, vald og konflikt. Han innførte skiljet mellom «negativ fred» (fråvere av krig) og «positiv fred» (fråvere av krig, og realisering av grunnleggjande samfunnsverdiar), omgrepet «strukturell vald» (forkorta livslengd og manglande tilfredsstilling av grunnbehov pga. samfunnsstrukturar) og ein «strukturell teori om imperialisme». Dei seinare åra har han arbeidd mykje med modellar for konfliktløysing.
Han er æresprofessor ved ei rad universitet og har vore heidra med ymse prisar, mellom anna «den alternative fredsprisen» The Right Livelihood Award (1987), den gandhistiske æresprisen Jamnalal Bajaj Foundation International Award (1993), Norsk sosiologforenings hederspris (2001) og Erik Bys minnepris 2011.
Kjelder
Gudleiv Forr: Strid og fred. Fredsforskning i 50 år. PRIO 1959–2009. Oslo 2009
Johan Galtung: A Theory of Conflict. Overcoming Direct Violence. Oslo 2010
Johan Galtung: Bibliography 1951–90. Oslo 1990
Johan Galtung: Forsvar uten militærvesen. Et pasifistisk grunnsyn. Oslo 1959
Johan Galtung: Fred, vold og imperialisme. Oslo 1974 
Johan Galtung: Fredsforskning. Oslo 1967
Johan Galtung: Hvordan skal det gå med Norge? Artikler 1953–1977. I utvalg ved Erik Rudeng. Oslo 1977 
Johan Galtung: Johan uten land. På fredsveien gjennom verden. Oslo 2000
Johan Galtung og Arne Næss: Gandhis politiske etikk. Oslo 1955
Johan Galtung: «Violence, Peace, and Peace Research», Journal of Peace Research, nr. 3/1969
Hans-Henrik Holm and Erik Rudeng (red.): Social science – for what? Festschrift for Johan Galtung. Oslo 1980 
Peter Lawler: A Question of Values. Johan Galtung's Peace Research. Boulder (Colorado) 1995
Håkan Wiberg: «JPR 1964–1980. What have we learned about peace?» Journal of Peace Research, nr. 2/1981
Torbjørn L. Knutsen: «Johan Galtung». Norsk biografisk leksikon:
[lesedato 17.08.2014]
Norsk sosiologforenings hederspris 2001:
[lesedato 17.08.2014]
Peikarar

Først publisert: 29.09.2014
Sist oppdatert: 29.09.2014