Hopp til innhold
X
Innhald

Johann Wolfgang von Goethe

Johann Wolfgang von Goethe, tysk diktar og vitskapsmann, jurist og romantikar som med allsidig og utrøytteleg skaparevne gjorde tysk litteratur kjend og la grunnlaget for Tyskland som kulturnasjon.

Goethe var fødd i Frankfurt am Main 28. august 1749 og døydde i Weimar 22. mars 1832. Han tok juridisk embetseksamen ved universitetet i Strasbourg i 1771 og fekk stilling som advokat i Wetzlar i 1772. Frå 1776 til 1786 var han politisk rådgivar hos hertugen av Weimar, og frå 1791 til 1817 teatersjef.

 

Dei kunstnarlege talenta hans synte seg tidleg. Alt som student gav han ut lyrikk, og i 1773 slo han igjennom som dramatikar med Götz von Berlichingen (1773). Forteljinga innleidde den litterære opposisjonsrørsla Sturm und Drang, som rundt 1790 vart avløyst av den meir forsonande klassisismen. Goethe meinte at mennesket gjennom heile livet er under danning, slik han skildrar det i Wilhelm Meisters læreår. I Faust viser han korleis doktor Faust er villig til å trasse etiske normer for å oppnå det han vil ha, men som gradvis innser sine eigne svik.

 

Goethe var også forskar. Han gjorde anatomioppdagingar og plantestudiar som peika fram mot evolusjonslæra, og han gjorde eit nybrotsarbeid med Utkast til fargelære i 1810. Kunst og vitskap oppfatta han som overlappande erkjenningsformer. Ved å la det sansande subjektet vere utgangspunkt for objektive observasjonar var han med på å byggje ned skiljet mellom naturen som vitskap og som oppleving. I vitskapsteorien etter Goethe har dualismen mellom subjekt og objekt og mellom naturvitskap og andre vitskapar vore sentrale tema.

 

Virketrong og vitelyst

Som få andre var Goethe utrusta med ein hang til kunnskap og opplevingar. Nyfikna følgde han heile livet, og han var for energisk og allsidig til å avgrense seg til éi intellektuell utfordring om gongen.

 

Han utmerkte seg som kunstnar, vitskapsmann og administrator, og han utmerkte seg òg med å vere det på same tid. Livet hans var ikkje delt i skilde etappar. I studietida skreiv han skjønnlitteratur, etter avslutta juridikum arbeidde han som advokat og embetsmann, samtidig som han utfalda seg i ein rik forfattarskap. Dei naturvitskapelege studiane seinare i livet gjekk parallelt med diktargjerninga, og i eit kvart hundreår var han teatersjef i Weimar.

 

Noko gjekk fort unna, andre verk arbeidde han med i fleire rundar, med års mellomrom. Det kunstnarlege gjennombrotet, Unge Werthers lidingar (1774), gjorde han ferdig på fire veker, Faust heldt han på med i seksti år. Dikte gjorde han heile livet, forelske seg gjorde han like lenge, og mange av romansane munna ut i dikt.

 

Opprørsdiktaren

I 1771, same året som han tok avsluttande jusseksamen, gav Goethe ut skodespelet Götz. Det gjorde han anonymt. Stykket vart uroppført i Berlin i 1773, til stor begeistring hos publikum. Frå då av var Goethe aldri meir anonym. Heltekvadet om Götz vart opptakta til den litterære Sturm und Drang-rørsla, som gjorde opprør mot tronge moralbod og sleppte emosjonane laus. Dette kom endå tydelegare fram i historia om Werther, som viser korleis eit kjenslevart menneske bukkar under i eit samfunn utan rom for lidenskap. Romanen fekk ein brei lesarkrins og vart skulda for å ha inspirert mange ungdomar til å gjere som Werther, ta livet av seg.

 

Alt med dei første bøkene slo Goethe igjennom i dei tyske småstatane. Nye litterære verk kom i rask rekkjefølgje og gjorde han kjend over heile Europa. Han meistra alle sjangrar, frå poesi til politisk drama. Han gledde born med dokketeater og eventyr og vaksne med aforismar, lystspel og komediar. I ettertid er det dikta, romanane og skodespela som særleg har stadfesta det litterære ryet hans.

 

Faust

Før han fylte 25 år, hadde Goethe skrive dikt og hymner og debutert som dramatikar. Han hadde forma dei første utkasta til Faust, men dette manuskriptet vart lagt til sides og først gitt ut etter at han var død, som Urfaust.

 

Rundt 1790 tok han opp att Faust-figuren. Han gir Faust mange strenger å spele på, og det er lagt inn både latter og tragedie. Ein av tragediane ligg i kjønnsroller og menn si makt over kvinner, slik det utspelar seg i forholdet mellom Faust og Gretchen. Den fornemme Faust og fattigjenta Gretchen forelskar seg i kvarandre. Det vert hennar bane.

 

Gjennomgangstemaet i Faust er hybris, mennesket sin trong til å overgå seg sjølv, koste kva koste vil, symbolisert ved veddemålet mellom Gud og djevelen om å vinne Faust si sjel. Den sprenglærde Faust driv seg sjølv kvilelaust framover på jakt etter den inste innsikta, men når ikkje inn til kjernen av noko. Nedstemt konstaterer han at vi i røynda ikkje kan forstå noko som helst. Kanskje lèt ikkje begjæret etter kunnskap seg foreine med sann forståing og sjelefred.

 

Faust I kom i 1807. Dei siste leveåra gav Goethe seg i kast med endå ein versjon, Faust II, som kom ut i 1832. Faust og Goethe var i mål. Dei to Faust-utgåvene utfyller kvarandre og utgjer eit ruvande diktverk. Idérikdomen i dramaet avspeglar i dikterisk form mange av dei same ideane som Goethe arbeidde med som vitskapsmann. Han lèt Faust gruble over samanhengen mellom det sanselege og det åndelege, mellom kunnskap og innsikt, kunst og natur.

 

Renessansemennesket

Åra 1786–88 budde Goethe i Italia. Sturm und Drang-gløden var brent ut, og Goethe opplevde diktarisk stagnasjon. Han håpte at han ved å fordjupe seg i den italienske renessansekulturen kunne finne ny inspirasjon. I Italia gjorde han seg kjend med biletkunst og arkitektur, han omgjekk kunstnarar og øvde seg som teiknar og målar.

 

Opphaldet i Italia fekk han til å innsjå at det var diktar han skulle vere. På kort tid skreiv han ferdig diktverk som hadde lege uferdige i mange år. Dagbøkene frå Italia-opphaldet kom ut som Italiensk reise (1813), ein sjølvbiografi der han leier lesaren gjennom det kulturelle Italia. Goethe oppsummerte Italia-tida som ei atterføding. Då han kom tilbake til Weimar, sa han opp stillinga si i embetsverket for å satse alle krefter på dikting og vitskap.

 

Goethe var renessansemenneske i brei tyding. Den lidenskapelege ungdomsdiktinga vart erstatta av modne kjensler og sjølvinnsikt. Harmoni og humanisme er målet og vedvarande danning vegen, slik det vert skildra i Wilhelm Meisters læreår (1795). Der møter vi Wilhelm som haldningslaus ungdom og ser han utvikle seg til ein sjølvstendig og sanningssøkjande vaksen.

 

Goethe var tru mot opplysningstida sine ideal, men la vekt på at kunnskap måtte gå hand i hand med danning. Menneska er mangedimensjonale og må utvikle både dei rasjonelle og dei emosjonelle sidene i seg. Dette var kjernen i Weimarklassisismen, den litterære åndsretninga som Goethe og diktarkollegaen Friedrich Schiller stod i spissen for.

 

Vitskapsmannen

I 1776 vart Goethe geheimeråd, embetsmann, hos hertugen i Weimar og fekk ansvar for vegbygging og gruvedrift. I 1782 vart han utnemnd til finansminister, og frå 1776 til 1817 var han leiar for Weimar-teateret.

 

Embetspliktene skjerpa Goethe si interesse for naturfag, og han byrja med systematiske studiar av geologi, meteorologi og mineralogi. I 1784 offentleggjorde han ei anatomisk undersøking der han påviste at mennesket har det same mellomkjevebeinet som menneskeapene. Resultatet vart godkjent av naturforskarar, men ikkje alle sette pris på å verte opplyste om skyldskapen mellom menneske og aper.

 

Særleg var han oppteken av det levande i naturen, plantar og dyr. Han var fasinert av blomsterblad. Ved å studere mange ulike planteslag forstod han at alle hadde utvikla seg frå den enklaste bladforma, urplanten. Med plantemorfologien, læra om form og utvikling hos plantar, utgitt i 1790, føregreip han Darwin sin evolusjonsteori i det 19. hundreåret.

 

Etter mange år med studiar i optikk gav han i 1810 ut Utkast til fargelære, som han vurderte som det vitskapelege hovudverket sitt og viktigare enn diktinga. Den rådande fargelæra til Newton sa at alle fargar finst i det kvite lyset, og at vi opplever fargar når lyset vert brote i ulike bølgjer. Goethe kom fram til at fargar er noko anna enn bølgjer, og at farge oppstår når lys møter mørke. Dei fysiologiske fargane, som er ein av tre fargekategoriar, er knytte til synssansen, som tolkar fargen avhengig av samanhengen objektet inngår i. For Goethe var lyset og fargane og det sansande subjektet eitt.

 

Fargelæra fekk lunken mottaking. Å tukle med Newton vart av mange forskarar sett på som eit slags heilagbrot, og positivismen si vekt på årsaksforklaringar dominerte vitskapen. Utgangspunktet for Goethe er at vi misser naturopplevinga dersom vi deler naturen opp i isolerte fragment. Han var skeptisk til eksperiment som stadfesta hypotesar som er formulerte ut frå rein fornuftstenking. Forskarane må vere i kontakt med det dei studerer. Naturvitskap byrjar med sansing. Eksperiment skal brukast for betre å sjå og forstå det vi alt har sett.

 

Tyskar og europear

Goethe sin måte å drive vitskap på utvida det smale vitskapssynet som voks fram med opplysningstida. Rasjonalismen hadde sperra naturen inne i kvantitative formlar og gjort han abstrakt. Ved å gi forskaren rom for intuisjon og oppleving ville han gjenreise dei kvalitative sidene ved naturvitskapane. Vitskap og kunst nærer kvarandre. Framgangsmåten er den same, grundige studiar, og målet det same, større innsikt. På 1800- og 1900-talet kom fenomenologien og andre filosofiske straumdrag, som førte Goethe sitt vitskapssyn vidare.

 

Diktaren Goethe har vore ein viktig referanse for europeiske filosofar og forfattarar i to hundre år. Lyrikken har inspirert komponistar til å tonesetje dikta hans, særleg på 1800-talet, då kunstsongar vart utvikla som eigen sjanger. Som få andre har han vore med på å forme den tyske identiteten. Han fann ein nerve i den tyske veremåten og skapte litteratur av det. Forfattarskapen hans tok tysk kultur ut av skuggen av det franske og britiske hegemoniet og sette tysk litteratur på linje med det beste i Europa. Som omsetjar gjorde han franske, engelske og italienske klassikarar tilgjengelege på tysk.

 

Ideala han stod for og levde etter, vart byggjesteinar i kulturnasjonen Tyskland og det moderne Europa. I ei tid med revolusjonar og krigar tett på heldt han fast ved dei humanistiske ideala. Her var det rom for optimisme. Gjennom evolusjon vert alle organismar til, gjennom danning vert det kulturelle mennesket skapt. Dette er grunnverdiar i europeisk tenking. Alt er i endring, og alt kan verte betre.

 

Kjelder

Goethe: Italiensk reise, omsett og med forord av Sverre Dahl. Oslo 1999

Goethe: Wilhelm Meisters læreår, omsett og med etterord av Sverre Dahl. Oslo 2003

Pehr Sällström: Goethe og naturvitenskapen, omsett av Niels Magnus Bugge. Oslo 1998

Per Øhrgaard: Goethe. Et essay, omsett av Sverre Dahl. Oslo 1999

 

Goethe: Unge Werther, omsett av Lise Holmboe. Oslo 1994, nb.no: http://www.nb.no/nbsok/nb/24c6f6291a55416d9842ca631ad8f945?index=29#3 [lesedato 7.5.2016]

Goethe: Faust I, gjendikta og med etterord av Åse-Marie Nesse. Oslo 1993, nb.no: http://www.nb.no/nbsok/nb/66427e5c7235a8d8a1af55a5def96331?index=31#0 [lesedato 30.4.2016]

Goethe: Faust II, gjendikta og med forord av Åse-Marie Nesse. Oslo 1999, nb.no: http://www.nb.no/nbsok/nb/f95a544d1d5973c1ad6bda257cbdcd0b?index=33#3 [lesedato 30.4.2016]

Tysk wikipedia: https://de.wikipedia.org/wiki/Johann_Wolfgang_von_Goethe [lesedato 16.5.2016]

 

Peikarar 

Goethe: Alvekongen. Gjendiktning og tolkning i bilder ved Anne Tone Thorshaug 

Først publisert: 06.12.2017
Sist oppdatert: 15.01.2018