Johannes Gjerdåker var lokalhistorikar, forfattar og omsetjar på Voss.
Johannes Gjerdåker
Faktaboks
- Fødd
- 15. januar 1936, Voss, Vestland
- Død
- 27. april 2020
Liv og virke
Etter examen artium på Voss landsgymnas budde Gjerdåker ein periode på Island, der han lærte språket medan han arbeidde på gard. Seinare studerte han språk og historie ved Universitetet i Oslo.
Gjerdåker debuterte som forfattar med diktsamlinga Skot på gamal stuv i 1978. Sidan skreiv han fleirfaldige lokalhistoriebøker, mellom anna Arbeidet i bygdene (1980), Postvegane i Hordaland (1989) og Ålmenn soge for Voss i to band (1990 og 1991).
I tillegg til å skrive sjølv og omsetje, starta han i 1980 sitt eige forlag – Vestanbok forlag – der han mellom anna gav ut fleire av Ivar Aasen sine skrifter. Gjerdåker har både redigert, gjort utval frå og skrive etterord til fleire av bøkene til Aasen.
Johannes Gjerdåker omsette til nynorsk frå engelsk, tysk, latin, islandsk og persisk. Omsetjingane av mellom andre Horats, Bergsveinn Birgisson og Omar Khayyam vitnar om eit godt grep om stilnivå og språktonar, rytmikk, ordval og biletspråk, i nynorsk så vel som i dei framande språka.
I 2006 kom Bokmann og brubyggjar. Festskrift til Johannes Gjerdåker på 70-årsdagen, redigert av Asbjørn Aarnes og Jon Askeland.
Utmerkingar
- Voss kommune sin kulturpris i 1992.
- Bastianprisen i 1997 for eit utval songar og dikt av Robert Burns
- Melsomprisen i 1999 for ei ny samling med gjendiktingar av Burns
- Kritikarprisen for beste omsetjing i 2006, for si andre samling av gjendiktingar av Horats’ Odar.
- Nominert til Kritikarprisen i 2012, for omsetjinga av Bergsveinn Birgissons Svar på brev frå Helga.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.