Hopp til innhold
Johannes Gjerdåker. Foto: Samlaget.
Johannes Gjerdåker. Foto: Samlaget.
X
Innhald

Johannes Gjerdåker

Johannes Gjerdåker, lokalhistorikar, forfattar og omsetjar. Han er ein av dei fremste gjendiktarane i Noreg.

Johannes Gjerdåker er fødd 15. februar 1936 på Voss i Hordaland. Han gjekk på Voss landsgymnas, og etter gymnaset budde han ein periode på Island, der han lærte språket medan han arbeidde på gard. Seinare studerte Gjerdåker språk og historie ved Universitetet i Oslo.

Gjerdåker har arbeidd filologisk og historisk med eit mangfald av litterære og kulturelle tekstar og emne. I tillegg til å skrive sjølv og omsetje, starta han i 1980 sitt eige forlag – Vestanbok forlag – der han mellom anna gav ut fleire av Ivar Aasen sine skrifter. Gjerdåker har både redigert, gjort utval frå og skrive etterord til fleire av bøkene til Aasen. Han har elles hatt andre yrke ved sidan av, og mellom anna prøvd seg som trikkekonduktør, skogsarbeidar, vektar, lærar og korrekturlesar.

Gjerdåker debuterte som forfattar med diktsamlinga Skot på gamal stuv i 1978. Sidan har han skrive fleirfaldige lokalhistoriebøker, mellom anna Arbeidet i bygdene (1980) og Postvegane i Hordaland (1989) – som inneheld både historiske presentasjonar og turframlegg – og Ålmenn soge for Voss i to band (1990 og 1991). Gjerdåker er ein av dei fremste gjendiktarane i Noreg, og han omset til nynorsk. Han har omsett bøker frå engelsk, tysk, latin, islandsk og persisk, og omsetjingane av mellom andre Horats, Robert Burns, Friedrich Schiller, Bergsveinn Birgisson og Omar Khayyam vitnar om eit uvanleg godt grep om stilnivå og språktonar, rytmikk, ordval og biletspråk – i nynorsk så vel som i dei framande språka.

I 2006 kom Bokmann og brubyggjar. Festskrift til Johannes Gjerdåker på 70-årsdagen, redigert av Asbjørn Aarnes og Jon Askeland.

Gjerdåker fekk Voss kommune sin kulturpris i 1992. I 1997 fekk han Bastianprisen for eit utval songar og dikt av den skotske poeten Robert Burns og vidare Melsomprisen i 1999 for ei ny samling med gjendiktingar av den same poeten. Gjerdåker har òg fått Kritikarprisen for beste omsetjing i 2006, for si andre samling av gjendiktingar av Horats’ Odar. I 2012 var han igjen nominert til Kritikarprisen, då for Bergsveinn Birgissons Svar på brev frå Helga.

Kjelder

Ottar Fyllingsnes: «Fårikål med ein frilansar», Dag og Tid 27.11.1997. Digital utgåve dagogtid.no: http://old.dagogtid.no/arkiv/1997/48/gjerdaker.html [lesedato 5.12.2015]

Presentasjon av Gjerdåker på nettstaden til Det Norske Samlaget: http://www.samlaget.no/nn-no/forfattarar/g/johannes-gjerdaaker.aspx [lesedato 9.1.2016]

Peikarar

Ronny Spaans si melding i Dag og Tid av Odar av Horats. Andre samling (2006), gjendikta av Johannes Gjerdåker

Først publisert: 26.02.2016
Sist oppdatert: 11.04.2018