Hopp til innhold
Knut Gjengedal
Knut Gjengedal
Foto frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Nytta etter avtale med NRK Sogn og Fjordane 2015.
X
Innhald

Knut Gjengedal

Knut Gjengedal, lærar og forfattar med bygdebakgrunn og stor evne til å avdekkje trongsida i mange slike samfunn, men som også skreiv harmoniske barnebøker frå same miljøet.

Gjengedal var fødd i Hyen 17. oktober 1900 og døydde 14. februar 1973. Etter eitt år på den kristne Sunnfjord Folkehøgskule i Førde gjekk han lærarskulen i Volda 1922–1925. Som nyutdanna lærar blei han gåande utan arbeid i åtte år før han fekk ein vikarpost i Lofoten. Frå 1936 til 1967 var han lærar i heimbygda.
 
Forfattarskapen er tredelt: først fire romanar, så tre novellesamlingar og seks barnebøker. Med si klare verdiforankra dikting høyrer han litteraturhistorisk til den etiske nyrealismen og den kritiske litteraturen i mellomkrigstida. I barnebøkene har han oftast tydeleg didaktiske føremål.
 
Debut
Gjengedal debuterte med Guten fraa einsemda på eige forlag i 1928. Det er ein danningsroman om å reise frå bygda for å gå på skule i byen – for til slutt å vende heim att. Romanen er i mangt eit umoge ungdomsarbeid, men har fleire motiv som Gjengedal tok fram att i mange seinare bøker: motsetnaden mellom by og land, kjærleiken til naturen, arbeidet og jorda, fordøminga av medmenneske og segner og soger frå gamal tid.
 
Romanar for vaksne
I ein artikkel i Norsk aarbok frå 1934 nemner Conrad Claussen Knut Gjengedal saman med andre unge, lovande nynorske forfattarar som Åsmund Sveen, Halldis Moren, Jakob Sande og Inge Krokann. Gjengedal hadde då gitt ut tre romanar på fire år. Dei hadde alle det til felles at dei inneheldt ein nådelaus kritikk av det tronge bygdesamfunnet: Stengslor (1930), Berre ei mor (1931) og Eldrid Flun og Brite-borna (1933). I desse bygdeskildringane er det mangt som kan minne om både Aksel Sandemoses Jante og Tor Jonssons bygdedyr: Avvik skal ikkje tolast! Å skilje seg ut er det same som å bli støytt ut av fellesskapen, og det råka einslege mødrer, arbeidslause og «uekte born». Mest tydeleg identifiserer Gjengedal undertrykkjarane i Berre ei mor. Det er indremisjonsfolket som står for mørkekreftene i bygda.
 
Novellene
Etter romanane kom tre novellesamlingar: Vestanfrå villmarkene (1935), Slikt hender (1936) og Det brenn ein lengsel (1946). Den første av dei kan i stor grad lesast som framvising av vondskap, hat og irrasjonelle val. «Hatet og vondskapen i verda gjekk sterkt framover ... Ein stad nedi utlandet hadde ein mann brent ned huset åt grannen sin,» blir det sagt i ei av novellene. Indirekte og biletleg er dette ein kommentar til 1930-åra i Europa.
 
I Slikt hender står den Gjengedal-teksten som har vore brukt i flest antologiar. «Ein tjuv, ein tiggar og ein flokk rettferdige» er ei forteljing med eit sosialt perspektiv på brotsverk og straff – og med det same synet på utvendig kristendom og tronge bygdesamfunn som i romanane. Den tredje novellesamlinga inneheld tekstar der Gjengedal varierer tema frå tidlegare bøker.
 
Barnebøkene
Barnebøkene kom frå 1948 til 1966. Her er ingenting att av den beiske kritikaren av tronge bygdesamfunn. No er forfattaren meir oppteken av byggjande krefter og positive sider ved mindre bygder. Litteraturhistorisk høyrer barnebøkene til Gjengedal heime i tradisjonen etter Per Sivle, altså realistiske folkelivsskildringar frå bondesamfunnet, med barn i sentrum for handlinga. Her er menneske og natur i harmoni – og borna er naturlege medlemer i arbeidsfellesskapen. I Kronekongen og andre soger (1948) når Gjengedal lengst som barneskildrar. Her kjem han nær inn på barnet sin måte å sanse og forstå på.
 
Bortanfor Blåbreen (1952) er eit godt døme på den verdidiktinga for born som Gjengedal representerer. Vesle Ivar må reise heimanfrå for å vere gjetar hos onkelen og tanta, som er barnlause. Ivar lærer kjærleik til arbeid, natur og garden der han bur.
 
Også i barnebøkene er Gjengedal politisk, både tydelegare og meir direkte enn i romanane og novellene. I Glomfolket (1954) og Gutane i Glomgrenda (1963) er det sentraliseringa i Noreg etter 1945 han tek opp, med sterke forsvar for utkantskulane. Eit av talerøyra til forfattaren er så arg på skulepolitikken at ho samanliknar dei nye storskulane med freistnadene på å byggje Babelstårnet!
 
Av dei to barnebøkene frå 1960-åra, Mine fjell og mine dalar (1961) og Frå skogen og villmarka (1964), er den førstnemnde mest interessant som minnebok frå oppveksten til forfattaren. Den andre er ei samling forteljingar av ulike slag.
 
Kjelder
Ove Eide: «'Dei samla seg og bygde Babelstårnet og ...'. Om Knut Gjengedal sine barnebøker». Årbok for Nordfjord 1993
Ove Eide: «'Gjerninga ligg att etter deg'. Knut Gjengedal sin forfattarskap for vaksne». Årbok for Nordfjord 1991
 

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 31.07.2018