Hopp til innhold
X
Innhald

Laila Gustavsen

Laila Gustavsen, fotterapeut, sosialkonsulent og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Buskerud 2009—13.

Laila Gustavsen er fødd 24. oktober 1973 på Ringerike i Buskerud. Ho gjekk på Ringerike gymnas i 1989–90, Hønefoss videregående skole i 1991–92, tok omsorgskurs ved Arbeidsinstituttet Ringerike i 1991, fotterapeut-utdanning ved Åssiden videregående skole i 1992–93 og enkeltfag ved Bedriftsøkonomisk Institutt i 1999–2001.
Gustavsen arbeidde som fotterapeut i 1994–99, ved Knerten SFO på Kongsberg i 1999–2001, som leiar i 2000–01, og ho var avdelingsleiar ved NAV på Kongsberg i 2004–05. Ho var statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet i 2005 og i Arbeids- og inkluderingsdepartementet i 2006–09.
Gustavsen var leiar av Ådal AUF i 1989–91, medlem av styret i Buskerud AUF og leiar av Kongsberg AUF i 1990-åra, medlem av Buskerud fylkesting for Arbeidarpartiet i 1995–99 og fylkesutvalet i Buskerud i 1999–2003. I 2004–05 var ho medlem av Aps kvinnepolitiske styre i Buskerud, og ho har vore leiar av Kongsberg Arbeidarparti sidan 2008. Ho var vararepresentant til Stortinget i 2001–09 og 2013—17 og fast representant for Arbeidarpartiet frå Buskerud 2009—13. Den viktigaste politiske saka hennar er arbeid for alle.
Ho var medlem av hovudutvalet for helse og sosial i Buskerud i 1995–99, nestleiar i 1999–2003, styremedlem i Barnevernssambandet i Buskerud i 1998–2001, medlem av Representantskapet for Gjensidige NOR Sparebank i 1999–2001 og medlem av styret for Gjensidige NOR Sparebank i 2001–02. Gustavsen var leiar av Europabevegelsen i Buskerud i 2004–06 og er medlem av sentralstyret i Europabevegelsen frå 2011.
Kjelder
Laila Gustavsen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=LAG [lesedato 10.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 28.06.2012
Sist oppdatert: 09.04.2014