Hopp til innhold
X
Innhald

Liv Glaser

Liv Glaser, fødd 1935, er pianist og dotter av Ernst Glaser. Ho debuterte i 1960 og har sidan hatt ei rekkje konsertframsyningar i Europa, Midtausten og Thailand (i følgjet til Olav V i 1965). Glaser vart amanuensis ved Noregs musikkhøgskule i 1973 og professor frå 1994.
Ho var den første til å spele inn dei lyriske stykka til Grieg komplett på plate.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.10.2013
Sist oppdatert: 17.10.2013