Hopp til innhold
X
Innhald

Lorenzo Ghiberti

Lorenzo Ghiberti, 1378–1455, var italiensk bilethoggar, gullsmed, designar og kunstteoretikar.

Ghiberti tok opp klassiske ideal og var ein leiande representant for ungrenessansen. Hovudverket hans er den nordre bronsedøra på baptisteriet i Firenze (1403–24) og den austre, Paradisporten (1425–52). Ghiberti skreiv også biografiar om toskanske kunstnarar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.09.2016
Sist oppdatert: 28.09.2016