Hopp til innhold
X
Innhald

Magnhild Gravir

Gunn Magnhild Gravir Imenes er høgskulelektor ved Høgskolen i Oslo og faglitterær forfattar. Ho har også gitt ut småbarnsbøker.

Gravir er fødd 23. oktober 1941 i Dalen i Telemark. Ho er utdanna cand.philol. med hovudfag i nordisk ved Universitetet i Oslo i 1972. Hovudoppgåva er ein analyse av Alfred Hauges bok Mysterium.
I 1971 vart ho tilsett ved Barnevernsakademiet, seinare innlemma i avdeling for lærarutdanning og internasjonale studium ved Høgskolen i Oslo.
Gravir har gitt ut fleire fagbøker om barnelitteratur og barnespråk. Den første, Bøker for barn – analyse – vurdering – formidling (1979), skreiv ho saman med Olav Imenes. I Barnet og talemålet (1983) er Gravir redaktør, og arbeidet Jul. Påske. Pinse. Kulturformidling i barnehage og skole kom i 1998.
På midten av 1970-talet vart ho medarbeidar i NRKs radioprogram Barnetimen for dei minste, der ho fortalde om bygdejenta Ragnhild. Programma vart populære, og første boka om Ragnhild kom i 1976 med tittelen Den eldande raude beveren, illustrert av Kjersti Scheen. Seinare har Gravir gitt ut fem bøker om Ragnhild, illustrerte av Borghild Rud. Gravir er representert i lesebøker og Bamseboka (2001) redigert av Else Ditlefsen.
I 1978 fekk Gravir Nynorsk litteraturpris for beste barnebok.
 
Kjelder
Tone Birkeland ofl.: Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo 1997
Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie bd. 7. Oslo 1997
Magnhild Gravir og Olav Imenes: Bøker for barn – analyse – vurdering – formidling. Oslo 1979
Tordis Ørjasæter ofl.: Den norske barnelitteraturen gjennom 200 år. Oslo 1981
Tordis Ørjasæter: «Barne- og ungdomslitteratur», i Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 7. Oslo 1997
Magnhild Gravir, forfattarside, Telemarksportalen.no, http://www.telemarksportalen.no/gravir_magnhild.htm [Lesedato 17.01.2011]

Først publisert: 20.11.2011
Sist oppdatert: 14.11.2018