Hopp til innhold
X
Innhald

Mathias Dahl Gjessing

Mathias Dahl Gjessing var jurist og ein tidleg talsmann for landsmålet. Han skreiv sentrale avisartiklar i 1850-åra, men i språkhistoria har han vore lite påakta.

Mathias Dahl Gjessing var fødd 22. desember 1814 i Kristiansand og døydde 9. mai 1896 i Kristiania.

Frå hausten 1830 arbeidde han som kontorbetjent og blei i 1837 bankadvokatfullmektig. Han tok juridisk embetseksamen i 1841 med beste karakter, var ekstraskrivar i Kyrkjedepartementet frå 1838 til 1849 og så fullmektig, seinare kasserar og sekretær, i Den norske Enkekasse, ein av forløparane til Statens pensjonskasse. Frå 1873 var han òg sekretær for Pensionskassen for Statens Bestillingsmænd. Han hadde verv i fleire pensjonsføretak.

Då Ivar Aasen i 1852 skreiv ein lengre artikkel om Ole Vigs nyskipa tidsskrift Folkevennen, nemnde han kort tanken om «at anlægge en aldeles norsk Sprogform», å skape eit heilt ut norsk skriftspråk. I ordskiftet som følgde, var Gjessing ein av få som forsvarte landsmålstanken. Han skreiv klart og utførleg, men dei fekk ikkje svar.

I tre lange artiklar i Morgenbladet i 1852, 1853 og 1855 og ein artikkel i Christiania-Posten i 1857 peikar Gjessing på at avstanden mellom folkemålet og det danske bokspråket er for stor, og at avstanden er ei hindring for folkeopplysning. Folkemålet må liggje til grunn for bokspråket. Oppnorsking av det danske skriftspråket ser han som urealistisk. Det vil ta for lang tid.

Han legg òg fram tankar om korleis folkemålet kan bli eit skriftspråk. Det må lagast ei ordbok og ei språklære, språket må takast i bruk i folkeskrifter, og det må undervisast i det på lærarseminara, Universitetet og dei lærde skulane. Lærebøker må skrivast på folkemålet, og Bibelen må omsetjast. Folkemålet må etter kvart bli kyrkje-, skule- og rettsspråk på landet. Vona er at nasjonen med tida vil samle seg om dette målet. Eit sams skriftspråk er nødvendig for geografisk og sosial integrasjon. Språkkløyving er eit vonde.

I artikkelen frå 1857 gjer han framlegg om ein post for Ivar Aasen ved Universitetet. I 1874 skriv han ein artikkel i Aftenbladet om professorløn til Aasen.

Gjessing skreiv elles avisartiklar om ulike emne, om flaggsak, Wergelands skrifter, vallovgiving, myntfot, embetssegl, skatt og pensjon. Dei fleste av artiklane publiserte han i Morgenbladet.

Kjelder

Reidar Djupedal: «Ein vendekneik i norsk målstrid. Frå ordskiftet i 1852», Arkiv för nordisk filologi. 1969

Hallvard Framnes: «Mathias Dahl Gjessing», Den 17de Mai 14.1.1920

M.G. [Mathias Dahl Gjessing]: «Sprogsagen», Morgenbladet 15.2.1853

M.G. [Mathias Dahl Gjessing]: «Sprogstriden», Morgenbladet 24.11.1852

M.Gg. [Mathias Dahl Gjessing]: «Almueskolesagen», Morgenbladet 14.7.1855

J.B. Halvorsen: «Gjessing, Matthias Dahl», i Norsk Forfatter-Lexikon 1814–1880. Andet Bind C–H. Kristiania 1888

Oddmund Løkensgard Hoel: Nasjonalisme i norsk målstrid 1848–1865. KULTs skriftserie nr. 51. Oslo 1996

Peder Hovdan: Eit norsk Noreg. Oslo 1947

Torstein Høverstad: Ole Vig. Ein norrøn uppsedar. Hamar 1953

Kjell Venås: «Ivar Aasen, språksaka og framvoksteren av ein nasjonal identitet», Mål og makt nr.1–2, 1993

Ivar Aasen: «Folkevennen», i Skrifter i samling, bd. III. Kristiania og Kjøbenhavn 1912. Dette var artikkelen som utløyste debatten i 1852.

Peikarar

Oddmund Løkensgard Hoel: Nasjonalisme i norsk målstrid 1848–1865. Oslo 1996. Digital utgåve, nb.no

Morgenbladet 24.11.1852. Digital utgåve, nb.no

Morgenbladet 15.2.1853. Digital utgåve, nb.no

Morgenbladet 14.7.1855. Digital utgåve, nb.no

Foto av Gjessing, geni.com

Først publisert: 28.11.2019
Sist oppdatert: 29.11.2019