Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

May-Helen Molvær Grimstad

May-Helen Molvær Grimstad, kommunalsjef og stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Møre og Romsdal i fire periodar frå 1993 til 2009.

Molvær Grimstad er fødd 31. januar 1968 i Ålesund i Møre og Romsdal. Ho tok handelsskule i Ålesund i 1984–87, var elev ved Fjellhaug bibelskole i Oslo i 1987–88, studerte offentleg administrasjon ved distriktshøgskulen i Molde i 1988–89 og kommunal planlegging og administrasjon ved distriktshøgskulen i Volda i 1989–91. Ho var organisasjons- og ungdomssekretær for Møre og Romsdal KrF i 1991–93, stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Møre og Romsdal i 1993–2009 og kommunalsjef i Giske kommune 2010-2014. Sidan 2014 har ho vore rådmann i Sykkylven.

Ho har hatt fleire verv i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU) og var mellom anna leiar av Ålesund KrFU i 1985–86, leiar av Sula KrFU i 1986–89 og 1991–93 og medlem av sentralstyret i ungdomspartiet i 1987–88. I 1989 var ho nestleiar og i 1989–91 fylkesleiar i Møre og Romsdal KrFU.
Ho var stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti frå Møre og Romsdal i 1993–2009, i den første perioden som medlem av samferdselskomiteen og i den andre som leiar av familie-, kultur- og administrasjonskomiteen. I 2001–05 sat ho i næringskomiteen, og ho var tilbake som leiar av familie- og kulturkomiteen i den siste perioden. På Stortinget arbeidde ho mellom anna med likestilling, kultur og den nye ekteskapslova som blei vedteken i 2008.
Molvær Grimstad hadde ulike verv i Langevåg Indremisjon i 1981–93, var medlem av rådet for Nei til EU i 1994–95, medlem av styret i Alkokutt i 1996–2001 og leiar av Kringkastingsrådet i 2010–13. I 2009 fekk ho Sula Mållags målpris for arbeidet sitt for nynorsk og norsk kultur.
Kjelder
May-Helen Molvær Grimstad, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=MHG [lesedato 9.4.2013]
Peikarar
«Krever mer nynorsk i barne-tv», dagbladet.no

Først publisert: 25.09.2013
Sist oppdatert: 04.01.2016