Hopp til innhold
X
Innhald

Nordahl Grieg

Nordahl Grieg har skrive diktet Til ungdommen.

(Johan) Nordahl (Brun) Grieg, 1902–43, var forfattar og journalist. Etter lyrikkdebuten i 1922 med Rundt Kap det gode Haab kom romanen Skibet gaar videre i 1924.
 
Gjennombrotet kom i 1929 med diktsamlinga Norge i våre hjerter. Skodespelet Vår ære og vår makt frå 1935 var eit åtak på utnyttinga av sjøfolk som reiarnæringa stod for under den første verdskrigen. Det dramatiske hovudverket til Grieg var Nederlaget frå 1937, som handla om parisarkommunen. I romanen Ung må verden ennu være frå 1938 forsvarte han mellom anna Moskvaprosessane. Grieg skreiv kjende krigs- og motstandsdikt, som til dømes "17. mai 1940" og har også skrive diktet Til ungdommen.
 
Han vart drepen under bombetoktet over Berlin. Nordahl Grieg var bror av Harald Grieg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 11.03.2013
Sist oppdatert: 23.04.2013