Hopp til innhold
X
Innhald

Odd Goksøyr

Odd Goksøyr (f. 1952 i Herøy) gav ut diktsamlinga Ein av dei vanlege dagane i 1976 og barneboka Akkar-Rakkar og andre forteljingar i 1980. 

I seinare tid har han arbeidd med omsetjingar av dikt og songar med eit omfattande utval av Robert Bly (2014 og 2015) og Leonard Cohen (2007). Han har også gjendikta eit utval dikt av shetlandske forfattarar. Goksøyr framfører også eigne tekstar og tekstar av andre med band.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 16.10.2018
Sist oppdatert: 16.10.2018